På lag med kroppen i Hyllestad

Søknadssammendrag

Bakgrunn for prosjektet

Bakgrunnen for prosjektet er at vi bur i ein liten kommune der aktivitetstilbodet ber preg av å vere tradisjonelt og forutsigbart. Vi vil bidra til nytenking og eit breiare aktivitetstilbod som favnar om dei som ikkje passer inn i lagidretten, ynskjer eit alternativ eller supplement til det vi har. Vi ynskjer å bidra til betre folkehelse blant innbyggarane. Med styrketrening og yoga blir dette vårt bidrag til å førebygge f.eks livsstilssjukdommar, muskel og skjelettplager og psykiske plager. Vi ynskjer at dette skal bli eit varig tilbod, så det må bli introdusert på ein god måte.

Målsetting for prosjektet

Vi vil med dette prosjektet bidra til betre folkehelse blant innbyggarane i Hyllestad. Det skal vere eit lågterskeltilbod. Vi vil få med dei som gjerne fell utanfor lagidretten. Aktiviteten vil gje individuelle resultat både fysisk og mentalt. Det skal bli varig tilbod i kommunen.

Målgruppe

Målgruppa er både menn og kvinner over 16 år. Det vil vere lite krav til fysisk form på førehand.

Antall personer i målgruppen som prosjektet planlegger å nå

100

Beskrivelse av gjennomføring og metode for prosjektet

Vi leiger inn profesjonelle instruktørar til treningane. Dette er viktig for at deltakarane skal kjenne seg sett og ivaretatt på best mulig måte. Det er viktig at det ikkje blir for store grupper, slik at instruktørane har oversikt. Med mindre grupper har instruktørane utstyr til utlån slik at det ikkje blir noko jag etter å ha “rette ” utstyret og at det blir ei utgift i seg sjølv. Dette skal vere lågterskeltilbod. I utgangspunktet planlegger vi ei økt med styrketrening og ei økt med yoga pr veke, i tillegg til ei workshop-helg med påmelding haust og vår. Instruktørane vil bu saman med deltakarane heile helga. Då vert det rom for individuelle samtalar om personlege utfordringer om nokon ynskjer dette. Om interessa vert stor, kan ein lage til fleire økter på kort varsel. Styrketreningane vil føregå utandørs i all slags ver. Yogatreningane vil vere ute når veret tillet det, elles inne i leigd lokale. Vi vil at tilbodet skal bli varig. Som ein introduksjon velger helselaget å søke om midler til å få etablert tilbodet. Seinare vil kostnadane falle på den enkelte, evt med midler til nye prosjekt innad i tilbodet. Deltakarane kan etter kvart sei noko om kva dei vil ha meir av.

Fremdriftsplan for prosjektet

Vi planlegger å starte med treningar allereie i sommar. Deltakarane må melde seg på og det vil bli utført spørreundersøkelse i forkant. Instruktørane planlegger treningane utifrå behov og ynskje. Vi har vekentlege treningar fram til neste sommar. Påmelding til workshop haust og vår. Gjennomføring av to workshophelger. Etter endt prosjekt vil vi ha ny spørjeundersøkelse for å kartlegge evt effekt.

Sluttrapport

Målsetting, målgruppe og bakgrunn for prosjektet

Vi vil med dette prosjektet bidra til betre folkehelse blant innbyggarane i Hyllestad. Det skal vere eit lågterskeltilbod. Vi vil få med dei som gjerne fell utanfor lagidretten. Aktiviteten vil gje individuelle resultat både fysisk og mentalt. Det skal bli varig tilbod i kommunen.Målgruppa er både menn og kvinner over 16 år. Det vil vere lite krav til fysisk form på førehand.Øen helselag vil bidra til eit breiare aktivitetstilbod i Hyllestad, ein liten kommune med 1400 innbyggarar. Her fins ein del lagidrett, men det er mange som ikkje interesserer seg for det.

Beskriv i hvilken grad oppsatte effektmål ble nådd (ref søknadsskjemaet)

Vi fekk ikkje gjort ferdig spørjeskjemaet vårt av ulike årsaker, så akkurat det sklei ut i sanden undervegs. Men vi kan sei at det er absolutt eit lågterskeltilbod. Alle aldrar menneske har vore velkomne, og har følt seg ivaretekne. Vi har sett lite menn, kun på dei faste styrketreningane. Men dei har vore i mindretal. Vi har absolutt fått med dei som fell utanfor lagidretten, dei har vore i fleirtal. At aktiviteten har gitt individuelle resultat er vi sikre på. Det har vi fått mange tilbakemeldingar på. Det hjelper sjølvsagt på at instruktørane er entusiastiske og kunnskapsrike. Vi fårstadig spørsmål om nye arrangement og skryt over det vi har gjennomført. Vi har fått i gong eit nytt extraprosjket med yoga i haust. Folk vil ha meir! Så om vi ikkje har fått målt opp noko konkret effekt, meiner vi at dette har vore eit godt prosjekt for folk i Hyllestad, og at det har bevisstgjort mange, og vi er sikre på at det vil det fortsatt gjere framover.

Antall personer i målgruppen nådd av prosjektet

150

Prosjektgjennomføring/Metode

Prosjekta har vore planlagde av Øen helselag, og gjennomført i lag med dyktige instruktørar. Det har vore enkelttreningar i både styrke og yoga, samarbeidsworkshops mellom instruktørane, eit føredrag, og til slutt tok vi inn ein ekstra yogalærar.

Resultater og resultatvurdering

Det har blitt svart på tidlegare, og i vedlagt rapport

Oppsummering og videre planer

Som sagt før, det har vore eit kjekt og godt prosjekt. Vi har planer for nye prosjekt i same lei, og meiner dette er aktivitet som har komme for å bli i Hyllestad. Vi har endeleg fått ein fleirbrukshall i kommunen, så andre aktiviteter kjem naturleg nok også til, noko vi meiner er berre positivt. Saman skaper vi eit allsidig og variert tilbod for innbyggarane, og det var jo det vi vile ha!

Detaljer
Program
Helse vår (2018)
Prosjektnavn
På lag med kroppen i Hyllestad
Organisasjon
Nasjonalforeningen for folkehelsen
Org.ledd
Samspel v/Ingvild Kjøsnes og Yoga v/Lesley Robertson
Beløp Bevilget
2018: kr 50 000
Startdato
02.07.2018
Sluttdato
20.08.2019
Status
Avsluttet