Aktiv i Fyresdal

Søknadssammendrag

1. Bakgrunn:
Prosjektet “Aktiv i Fyresdal” er eit delprosjekt under hovudprosjektet “Heim til Fyresdal”, som til saman har sju delprosjekt. “Aktiv i Fyresdal” ynskjer å integrere barn frå flyktningfamiliar samt andre utsette barn og unge, til idrettsmiljøet i Fyresdal. Det er Fyresdal Idrettsråd som eig prosjektet og styret her er sett saman av leiarane i dei einskilde idrettslaga, noko som er svært viktig for implementeringa og gjennomføringa av prosjektet.

Fyresdal Idrettsråd består av dei fem idrettslaga vi har i kommunen:
• Fyresdal Idrettslag (som har fylgjande undergrupper):
o Symjegruppe
o Fotballgruppe
o Turgruppe
o Skigruppe
o Barneidrettsskule

• Fyresdal skiskyttarlag
• Fyresdal Motorsportklubb (som har fylgjande undergrupper):
o RC – gruppe
o Snøscooter-gruppe
o Motorcross-gruppe
o Mekanisk-gruppe

• Tele Agder Flyklubb
• Hugljufur Islandshestforeining

I tillegg har vi Fyresdal Skyttarlag som også blir invitert til å bidra i prosjektet.


2 og 3 Målsetting, målgruppe og måloppnåing

Mål: Større grad av integrering og inkludering av barn- og unge i fritidsmiljøet i Fyresdal.
Per dags dato er det 15 born og unge med innvandrarbakgrunn i kommune. Innan 2015 har prosjektet som mål at 9 flyktningebarn i alderen 5-19 år vere medlem i eit av idrettslaga under Fyresdal Idrettsråd. Dette utgjer om lag 60 % av det totale antalet. Innan 2015 skal 13 av alle flyktningebarn barn i alderen 5-19 år vere medlem i eit av idrettslaga under Fyresdal Idrettsråd. Dette utgjer om lag 80 % av det totale antalet.

For å nå måla skal vi sette i verk tiltak, sjå aktivitets- og framdriftsplan. Prosjektet tar mål av seg å inkludere både flyktningbarn, tilflytte og andre spesielt utsette barn. Det er imidlertid vanskeleg å måle resultat i den seiste gruppa, grunna m.a. teieplikt, men når det gjeld dei andre, er det enkelt må måle ved at vi tel medlemer med flyktningebakgrunn før, under og etter prosjektet.

4. Beskrivelse av gjennomføring

1. Tilsetting av prosjektleiar i 30% stilling
Mål: Sikre gjennomføring av prosjektet

2. Planlegge og gjennomføre motivasjonsmøter
Mål: Sikre brei medverknad frå relevante samarbeidspartnarar i kommunen

3. Etablere fadderordning innan idrettslaga
Mål: Sikre at dei som har behov for det får tilbod om eigen kontaktperson i dei forskjellige laga

4. Tett kontakt med integreringskoordinator i kommunen
Mål: Sikre at prosjektet god forankring hos Telemark Lys, og at deira tiltak er samstemte med prosjektet sine tiltak

5. Utarbeide introduksjonsrutiner
Mål: Sikre kontinuitet og overføringsverdi etter prosjektslutt

6. Stimulere til deltaking i eksisterande sosiale aktivitetar
Mål: Breiare integrering

7. Arrangere tiltak for å bli kjent med, og skape ei bevisstgjering kring
moglegheiter i nærmiljøet
Mål: Breiare integrering

8. Haldningsskapande arbeid retta mot innbyggjarane i Fyresdal
Mål: Breiare integrering

5. Prosjektets betydning:
Vi har stor tru på at vi vil lykkast med dette prosjektet, og meiner at når tiltak blir gjennomført har vi sikra kontinuitet og overføringsverdi i prosjektet gjennom skriftlege rutiner og planar.

Som tidlegare nemnt vil vi hauste erfaringar frå Andøy kommune, og etter avslutta prosjekt vil ein prosjektrapport gjerast tilgjengeleg for alle interesserte.
Folkehelseprogrammet i Telemark, har allereie bidrege økonomisk i prosjektet, og dei ser dette prosjektet som eit mogleg pilotprosjektet, slik sette vil det kunne ha stor grad av overføringsverdi til andre kommunar.
Tiltak tre og fem i tiltaksplanen, sikrar skriftlege rutiner og innarbeiding av desse, noko som vil føre til at ein sikrar at prosjektet vidareførast i dei einskilde laga.

I tillegg vil ein sluttrapport kunne gjere dette materiale kjent for andre.



6. Framdriftsplan.
Totalt åtte tiltak er skissert månad for månad i ein tiltaks/framdriftsplan, som fylgjersøknaden.

Sluttrapport

Sluttrapport/artikler (pdf)

Aktiv i Fyresdal sluttrapport.pdf

Prosjektleder/forsker

Tor Gunnar Austjord

Detaljer
Program
Forebygging (2013)
Prosjektnavn
Aktiv i Fyresdal
Organisasjon
Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité
Beløp Bevilget
2014: kr 53 000, 2015: kr 53 000
Startdato
01.01.2014
Sluttdato
31.12.2015
Status
Avsluttet