Aktivitet for sårbare eldre i Gloppen kommune

Søknadssammendrag

Bakgrunnen for prosjektet er å kunne kommunisere med eldre einsame som sjelden får fysisk besøk. Kommunikasjonsverktøyet Komp er ein dataskjerm med ein brytar (på/av) utvikla for eldre som ikkje meistrar moderne teknologi. Med denne enkle skjermen, kan eldre få kontakt med familie og vener gjenoom bilde, melding og videoanrop. Innhenta erfaring frå brukarane viser at KOMP er eit godt redskap for å få den eldre ut av einsemda.

Styring av prosjektet vil gå gjennom Gloppen kommune. Helseetaten går ut med informasjon til leiarar og ressurspersonar innan velferdsteknologi i dei aktuelle einingane. Dei kan vere teknisk støtte og gje oppfølging.

I første omgang vil det bli tildelt ein skjerm til kvart heimetenesteområdeog ein til døgnbemanna omsorgsbustad. Kriteria for å få tildelt skjerm, vil vere evne til å handtere utstyret og at den blir nytta etter målet om å hindre isolasjon og auke sosial kontakt med familie og andre. Det må lagast retningslinjer for når ein brukar evt må gje utstyret vidare til andre. Kontoane må då nullstillast.

På sikt må nokre skjermar med KOMP Pro funksjon nyttast til å utføre digitale tilsyn hos pasientar som bur langt vekke. Stikkord: behov for fleire tilsyn, påminningar, o.l. Her må det vurderast om det er behov for å gjere tiltak for å ivareta personvern.

Seniornett Gloppen og leverandøren (No Isolation) vil begge bidra teknisk og med brukaropplæring. Når utstyret er på plass, nett-tilgang er avklara, brukarane er utvalde; blir prosjektet starta opp i praksis, truleg i januar 2021. Då må ein vinne erfaringar og evaluere i løpet av 2021.

Målsettinga og forventa resultat er at einsame eldre som i dag ikkje meistrer dei teknologiske løysingane skal kunne delta i den verda vi andre lever i.

Prosjektleder

Jon Gimmestad

Detaljer
Program
Frivillighetens program for besøk og aktivitet for sårbare eldre
Prosjektnavn
Aktivitet for sårbare eldre i Gloppen kommune
Organisasjon
Pensjonistforbundet
Beløp Bevilget
Kr 120.000
Startdato
27.11.2020