Aktivitetshus

I samarbeid med

Sluttrapport

Sluttrapportsammendrag

Bakgrunn for prosjektet/målsetting: Vi har sidan 1998 hatt dagtilbud ein dag i veka

Bakgrunn for prosjektet/målsetting: Vi har sidan 1998 hatt dagtilbud ein dag i veka. Psykiatriplan i kommunen har sidan den gong synleggjort behov for utvida dagtilbud / aktivitet / arbeid til denne gruppa. Psykiatriplan har i si tiltaksrekkje sett opp ein plan for styrking av personell til denne gruppa.

 

Dette prosjektet går ut på å rehabilitere eit hus til dagtilbud samt å sikre drift av dette.

 

Vi har i prosjekt perioden fått tilført personalressursar med ein 40% aktivitetsleiar. Det er ansatt ein koordinator som skal samordne dei ulike dagtilbud, samt sjå på interkommunalt samarbeid. Dette har bakgrunn i at vi er ein liten kommune og må bli flinkare til å dra nytte av fagkunnskapar og resursar som kan kome brukar av tenestene til nytte.

 

Sjølve prosjektet vart vedteke av politikarane i kommunen. Målsettinga er å gje vaksne med psykiske vanskar høve til ein meiningsfylt dag i form av arbeid og aktivitet. Dette er med på å auke trivsel for den enkelte og er førebyggjande for sjukdomsperiodar. Det er viktig å ha noko å gå til, og ha ein samanheng ein høyrer til i. Det kan vere viktig i ein overgang til vanleg arbeidsliv.

 

Gjennomføring av prosjektet: Vi har hatt ein prosjektleiar som er psykiatrisk sjukepleiar. Sosialleiar har hatt den økonomiske oppfølginga. Helsesyster og kommunefysioterapeut har vore sentrale. Prosjektet har vore gjennomført i samarbeid med Atle Utkilen. Han har prosjektert sjølve byggeprosessen ut frå dei vedtak som prosjektgruppa har gjort. Vi har hatt eit nært samarbeid med representantar frå Saniteten.

 

Oppnådde resultat og vidare planar: Resultatet er eit restaurert gamalt hus som er svært fint, men som har sine svake sider. Vi har fått eit triveleg preg på huset. Det er to etasjar og vi har fått godt fellesrom, kjøkken og toalettforhold i 1. etasje, 2. etasje er det arbeidsrom og fellesrom / stove. I 1. etasje har vi eit lydisolert rom for kontorbruk.

 

Vidare planar er å arbeida for at me får behalda koordinatorstillinga i kommunen då dette arbeidet ikkje er fullført. Det er viktig for vidareføring av tiltaket.

Prosjektleder/forsker

Kristine Fanebust

Detaljer
Program
Rehabilitering (2000)
Prosjektnavn
Aktivitetshus
Organisasjon
Norske Kvinners Sanitetsforening
Org.ledd
Arbeidsgruppe i psykiatri Austrheim kommune
Beløp Bevilget
2001: kr 400 000, 2002: kr 200 000, 2003: kr 150 000
Startdato
01.01.2001
Sluttdato
31.12.2003
Status
Avsluttet