Betre høyrselshabilitering med detaljert språklydtesting

Søknadssammendrag

Bakgrunn for prosjektet

CI og HA har gjennomgått ei stor utvikling dei siste 20 åra, og oppfattinga hos brukarane av dei finare detaljane i tale er no i mange tilfelle så god at dei eksisterende testane er for enkle og for lite sensitive. Det er eit stort behov for ein taleoppfattingstest som gir detaljert og komplett informasjon om kva språklydar kvar enkelt person med CI eller HA forvekslar, og i dette prosjektet vil vi vise at testen kan brukast til å måle framgangen i oppfatting av finare detaljar i tale, ved hjelp av pre- og posttesting i samband med lyttetrening og justering av CI og HA.

Målsetting for prosjektet

Å evaluere effekten av lyttetrening og programmering av HA eller CI med ein dynamisk test som vil gje nøyaktig oversikt over kva språklydar brukaren er i stand til å diskriminere og kva som enno ikkje blir meistra på bestemte tidspunkt i habiliteringsperioden.

Målgruppe

Primærmålgruppa er høyrselshemma vaksne og ungdommar som brukar cochleaimplantat og høyreapparat.

Antall personer i målgruppen som prosjektet planlegger å nå

30

Beskrivelse av tiltak/aktivitet samt gjennomføring av prosjektet

Prosjektet skal gjennomførast i fem steg: I steg 1 skal ei prosjektgruppe planlegge innhaldet i ein nonsensordtest basert på ein test brukt i doktorgraden til Rødvik (2020), samt velje spørjeskjema. I steg 2 skal det utarbeidast testprosedyre. I steg 3 skal det utviklast eit dataprogram for administrering av testen, i samarbeid med ein dataprogrammerar. Føremålet er å gjere testadministreringa mest mogleg brukarvenleg. I steg 4 skal testen piloterast av tre grupper; vaksne med normal høyrsel, CI-brukarar og HA-brukarar, for å evaluere effekten av tiltaka som vert prøvd ut og for å sikre at det tekniske fungerer som det skal. Det vil bli gjort ein intervensjonsstudie med pre- og posttesting i denne fasen. Ved hjelp av spørjeskjema skal deltakarane rapportere korleis dei opplever endringa i lyden etter justeringa og lyttetreninga, samt svare på andre helserelaterte spørsmål. I steg 5 skal det skrivast sluttrapport om prosjektet og resultata frå pilottesten. Reliabilitet og validitet skal diskuterast, og språklydoppfattingsprofilar av testresultata skal lagast for kvar enkelt pasient.

Fremdriftsplan for prosjektet

Prosjektet skal gå over 15 månader frå starten 1. sept 2021. Den mest tidkrevande delen av prosjektet blir datainnsamlinga, som føregår på 3 stader og tar ca 6 månader. Møte i prosjektgruppa skal føregå digitalt, men under sjølve testinga må deltakarane vere fysisk til stades.

Prosjektleder

Arne Kirkhorn Rødvik

Detaljer
Program
Helse vår (2021)
Prosjektnavn
Betre høyrselshabilitering med detaljert språklydtesting
Organisasjon
Hørselshemmedes Landsforbund
Org.ledd
Oslo universitetssjukehus (OUS) Rikshospitalet
Beløp Bevilget
2021: kr 329 000, 2022: kr 921 000
Startdato
01.09.2021
Sluttdato
30.06.2024
Status
Under gjennomføring