Eit bilde – di fortelling

I samarbeid med

Søknadssammendrag

1. Bakgrunn
Vi starta eit samarbeid for å utvikle materialet ”Eit bilde – di fortelling”. Vi trong eit verktøy til å få fram minner, fortellingar og gode historiar, samt stimulere til samtale for menneske med kommunikasjonsvanskar og menneske i situasjonar som treng ekstra tid, støtte og trygghet til kommunikasjon og samtale. Vi ønskjer at bilda skal setje igong ein prosess. Vi har gjort eit studie i forkant med å registrere samtaletema og samtaletid i institusjonar, og ser at der er eit behov for materiale som er lett å bruke – og materiale som er engasjerande utan å nødvendigvis bli for privat og personleg.

2. Målsetting
Vi sakna eit verktøy og arbeidsmateriale som opnar for kommunikasjon tilpassa den kommunikasjonsforma den einskilde rår over, og der ein møtes i tema uavhenging av kommunikasjonsevne. Målet er å formidla ein bodskap, dermed blir arbeidet vårt sterkt knytt opp til å engasjere til samtale der innhaldet er det viktigaste, og ikkje form.

Målet er å få fram minner, fortellingar og den lette, flytande samtalen. Vi ønskjer at materialet engasjerer så sterkt at ein vel å snakke framfor å la seg hindre av vanskane. Vi ønskjer at bilda og tema skal setje i gong ein prosess for språktrening.

Prosjektet ”eit bilete – di fortelling” kan lett tilpassast og brukast abstrakt, konkret, kreativt og strukturelt, og i ulike kombinasjonar. Det kan kan tilpassast til ulike lærings- og arbeidspreferansar hos individuelle, grupper og hos den som presenterer oppgavene.

Materialet er lett å bruke og skal kunne brukast av alle som ønskjer å starte ein samtale. Familie, institusjonspersonale, frivillige organisasjonar og logopedar vil kunne gjere seg nytte av ”Eit bilde – di fortelling”. Instruksjonane er så enkle at ein skal kunna ta materialet rett ut av hylla og bruke det utan forkunnskapar.

3. Målgruppe
Målgruppa er menneske med kommunikasjonsvanskar med hovudvekt på afasi og andre vanskar som affiserer språk og tale. I tillegg er materiellet godt som utgongspunkt der det er vanskeleg å halde i gong ”praten”, t.d. i institusjonar.
Tap av evne til å formidla tankar, idear og meiningar gjev mange såre tankar og frustrasjonar. For mange blir den beste løysinga å vegre seg for kommunikasjon, og for nokre; tie stille. Vi ønskjer å inkludere i samtale for å styrkje sjølvfølelse og livsverdi.

4. Betydning
Vi ønskjer at prosjektet skal auke samtaletid og samtaletema i instutisjonar som brukar det.

Vi ønskjer å engasjere menneske med kommunikasjonsvansker til samtale, og gje støtte til å fortelle lettare og velje tema lettare. Dette for å bevare eigenverd og psykisk helse.

Vi ønskjer å gje samtalepartnarar eit materiale som er lett å bruke som starten på ein samtale eller ei fortelling.

Vi ønskjer å gje anledning til å setje ei fortelling eller oppleving i eit heilskapeleg system med å snakke, ha aktivitetar, og kartlegge eller framstille den enkelte sine tankar, idear og fortellingar. Gjennom materialet vil ein kunne beskrive behov, ønskjer, minner og tradisjonar til den enkelte.

5. Framdriftsplan
Arbeid til no:
Vi har starta arbeidet med å samle informasjon frå sjuke- og aldersheimar om samtale tema og samtaletid. Data skal evaluerast innan 010110.
Til no har vi arbeidd med tekstutarbeiding til vegleiar og beskrivelse av bileta.
4 av 12 bilder er klare.
12 av 12 arbeids og instruksjonsbeskrivelsar er klare.
Vi har 3 bilete og 3 arbeidsoppgaveark ute på utprøving av 11 logopedar.

Dato/frist:
010709 – 150809

Datainnsamling og evaluering av logopedutprøving.
290609 – 010909

Webside er under utarbeiding for bestilling og marknadsføring av prosjekt.
fram til 011009

Eit kurs er bestillt. Utarbeiding av kurs.
011009 – 311210

Evaluering, tilpassing og marknadsføring av kurs.
fram til 150809

Grafisk arbeid av bilder og vegleiar.
innan 280809

Ferdigstilling av produkt og trykking.
innan august 09 Presentasjon som logopedisk tips i Logopeden.
innan oktober 09 Presentasjon på Afasidagane.
010909 – 311210 Marknadsføring av produkt gjennom web.
010110 – 311210 Marknadsføring av produkt gjennom annonser.
010110 – 311210 Gjennomføring av kurs.

Sluttrapport

Sluttrapport/artikler (pdf)

Sluttrapport_2009_3_0446.pdf

Sluttrapportsammendrag

Målet med arbeidet vårt var å utvikle eit materiale som kunne bidra til at menneske med språk- og talevanskar skulle bli engasjert i ulike tema, og få ønskje om å formidle tankane og historiane sine. Vi ville inspirere til forteljarglede som inspirerte til språkbruk, men samstundes såg bort frå kommunikasjonsvanskar.

Ved å bruke bilder, nøkkelord, spørsmål og aktivitetar har vi fått fram arbeidsoppgåver som er lette å bruke, variere og tilpasse. Materialet vi har laga heiter «eit bilde – di fortelling». Vi har brukt materialet for individuelle brukarar og grupper, tilpassa ulike behov innan språk, tale og kommunikasjon.

Takk til Extrastiftelsen og til Afasiforbundet for støtte og hjelp som har gjort at «et bilde – di fortelling» var mogleg for oss å få til.

Prosjektleder/forsker

Elin Legland

Detaljer
Program
Rehabilitering (2009)
Prosjektnavn
Eit bilde – di fortelling
Organisasjon
Afasiforbundet i Norge
Org.ledd
Logoped Elin Legland MNLL og Logoped Reidun Aarskog MNLL
Beløp Bevilget
2010: kr 79 000
Startdato
01.01.2010
Sluttdato
31.12.2010
Status
Avsluttet