“Elvelangs i Ål” for alle(univ.utforma)

Søknadssammendrag

Bakgrunn

https://youtu.be/Bdm4z5C39C0 syner omfanget av prosjektet. Vidareutvikling av Ål Idrettspark og målsettingane i kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i Ål kommune er bakgrunn. Eit stort allmennyttig prosjekt midt i Ål Sentrum initiert og organisert av Ål Idrettslag. Prosjektet vil ha stor nytteverdi for alle i Ål, besøkjande og turistar, barn/ungdom, vaksne, funksj.hemma, pasientar ved sjukestugu og bebuar ved Ål Helsetun. Synergiar ved eit samarbeid mellom idrettslag, frivilligheita, næringsliv, Ål kommune/Buskerud Fylke. Mykje organisert som eit dugnadsprosjekt.

Målsetting

Gi grupper som ikkje er aktive, tilgang til aktivitet som aukar livskvalitet og styrkar førebyggjande arbeid gjennom fysisk aktivitet. Spesielt fokus gjennom samarb. m org.for funksj.hemma, innvandrarar, psykisk sjuke, trimgrupper, samla elevgrupper, uorg. ungdom (+ mål å auke medlemstalet i Ål IL).

Målgruppe

Alle i Ål med behov for sosial treffstad, universellt utforma. Spesielt tilbod for trimmarar, funksj.h., rehab. v. H. sjukestugu, psykiatri, døve, skular m.v.

Antall personer i målgruppen

5000

Beskrivelse av gjennomføring

Etter ein prosjekteringperiode på eitt år og med godkjent reguleringsplan + byggesøknad er vedtak om oppstart av eit hovudprosjekt delt i 3 delprosjekt gjort av styringsgruppa i mars.-2019. Delprosjekt 1 vil starte bygging av den vanskelegaste delen inn mot Ål Idrettspark sommaren 2019. Delprosjekt 2 vil starte detaljprosjektering i juli/aug 2019 og ferdigstillast sommaren 2020, og det er denne delen Ål IL ber om støtte til frå Extrastiftelsen. Det er bygging av hovuddelen av turstig med tilhøyrande aktivitets og læringsarenar, der me vil tilrettelegge for brukarar med funksjonshemming både gjennom universelt utforma stig og tilrettelegging ved badeplass, fiskeplass, treningsarena, rasteplassar m.m. Samarbeidsprosj. må etablerast med brukarorg. for å sikre nytteverdi for f.hemma, rehab.,psyk., døve. Avtaler er gjort med grunneigarar, vegvesen, kommune, bedrifter, org. og bidragsytarar. Vedlikehaldsavtale er inngått mellom Ål IL og Ål kommune. Statusrapportar jamnleg til styringsgruppa og sluttevaluering vil skje for kvart delprosjekt. Rapportering vil òg bli gitt tilskotsgivarar.

Fremdriftsplan

Hovudprosjektet del 1: 1.1.2019 – 31.10.2019 Bygging fyrste del av turstig Delprosjekt 2 : 1.7.2019 – 31.12.2019 Detaljprosjektering + Planlegging i samarbeid med brukarorg. 1.1.2020 – 30.09.2020 Byggeperiode + innkjøp utstyr Delprosjekt 3 : 1.11.2020 – 1.10.2021 Sluttføring turstig og innkjøp + bygging av dei siste aktivitetsarenane inkl. oppfølging av bruk / skape aktivitet for spesielle grupper / friskliv m.v. Evaluering og rapportering.

Sluttrapport

Sluttrapport/artikler (pdf)

SLUTTRAPPORT DAM 29-11-20.pdf

Prosjektleder/forsker

Trond Kleppen

Detaljer
Program
Helse vår (2019)
Prosjektnavn
“Elvelangs i Ål” for alle(univ.utforma)
Organisasjon
Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité
Beløp Bevilget
2019: kr 800 000
Startdato
02.07.2019
Sluttdato
01.10.2020
Status
Under gjennomføring