Søknadssammendrag
1. Bakgrunn.
Frivillige lagar til song og musikkstunder på to institusjonar i kommunen. I tillegg lagar frivillige små cabaretar som dei gleder institusjonar og pensjonistforeiningar med.
Dei frivillige er ivrige og stiller trufast opp på song-gruppene, men dei treng, og dei ønskjer meir kunnskap og trening i å våge å vere deltakarar og pådrivarar når det gjeld bevegelse i saman med song og musikk.
LHL Tysvær og Bokn har i dag 240 medlemmer som kjem frå fem kommunar. Mange av desse er frivillige som i fleire år har spreidd glede til seg sjølve og andre
med song og musikk. Vi vil også ha fokus på ein
god dialog med personalet på institusjonane. Vi har erfart, og forsking viser at ved
å involvere pleiarane i song og musikk-aktivitetane, vil effekten bli større for bebuarane på institusjonane og det vil vere inspirerande for dei frivillige.
2. Mål
– Styrke dei frivillige si oppleving av glede og meistring slik at dei aktivt i saman med
pleiarane nyttar bevegelse i song og musikk-gruppene.
– Gi dei frivillige meir kunnskap og trening i å våge å vere deltakarar og pådrivarar når det gjeld bevegelse i saman med song og musikk.
– Få ein tettare dialog med personalet i institusjonane for å tilpasse opplegget best mogleg til bebuarane.
– Sikre at song, musikk og bevegelse blir eit fast opplegg på institusjonane etter prosjektperioden.
3.Målgruppe
Dei frivillige, institusjonsbebuarar og heimebuande eldre.
4.Innhald og betyding.
Gi frivillige kunnskap og inspirason til å nytte bevegelse i saman med song og musikk på institusjonane. Vi vil også ha fokus på ein god dialog med personalet på institusjonane.
Vi vil nytte ein instruktør som har utdanning og erfaring som motivator til ?Å få folk til å blomstre?. Ho har arbeidd med teater, latter, pust og stemme.
Vi vil også nytte lege og musikk-terapeut Audun Myskja si bok ?Den siste song?.
Vi vil i hovudsak knytte aktivitetane opp mot to av eldreinstitusjonane i kommunen. Her bur det til saman 57 personar. I tillegg vil det bli eit tilbod til heimebuande.
Mange av dei frivillige er sjølv kronisk sjuke og funksjonshemma. Forsking viser at sjølv små bevegelsar kan ha stor effekt. Musikk og bevegelse kan virke positivt på m.a. smerte, angst og depresjon. Ved å delta i song og musikk-aktivitetane kan det bli ein god og positiv oppleving både for dei frivillige og dei andre som deltar.
5.Framdriftsplan
Januar 2011: Informasjon via plakatar og flygeblad om informasjonsmøte.
Informasjonsmøte for dei frivillige der vi legg fram planar og
hensikta
med prosjektet.
Februar 2011: Starte samlingar for dei frivillige med instruktøren.
Heile 2011: Instruktøren vil vere med på musikk og songstundene med
bebuarane på institusjonane og songstundene der både bebuarar
og heimebuandedeltar. Cabaretgruppene vil få oppfølgjing av instruktør. November/ Desember 2011: Lage eit hefte med songar i storskrift og med framlegg til bevegelser. Lage ein oversikt over ferdiginnspilt musikk som egner seg godt til bevegelse i grupper.
Sluttrapport
Sluttrapport/artikler (pdf)
Sluttrapportsammendrag
«Foten går, hjartet slår der gleda rår» var eit nærmiljøprosjekt for funksjonshemma, kronisk sjuke og pårørande. Prosjektet var eit samarbeid mellom LHL Tysvær og Bokn og Tysvær kommune og hadde som utgangspunkt og vidareutvikle dei allereie eksisterande song og musikkgruppene på eldreinstitusjonane i kommunen. Undervegs i arbeidet med prosjektet såg vi at det var rett at dei etablerte song- og musikkgruppene skulle få halde fram i sin nåverande form. Prosjektet fanga derimot interesse hos nye frivillige. Målet var å gi desse kunnskap og trening i å våge og vere deltakarar og pådrivarar når det gjeld bevegelse saman med song og musikk. Det blei ein spanande prosess for deltakarene då ideen om klovnane voks fram. På Eldredagen 1.oktober 2011 hadde vi ei framsyning, og 12 klovnar møtte publikum på butikksenteret og i foajeen på kulturhuset. Då vi starta arbeidet, ville alle lære å puste betre og auke si livsglede, men ingen hadde tanke for eller ville trudd at dei skulle presentere noko for eit publikum og at det skulle kjennast godt og vere med på dette. Hovudfokuset i arbeidet med klovnane fram mot eldredagen var tryggleik, glede og meistring. Då kom tanken: Kunne dette være ein måte å være gledespeiarar på sjukeheimane? Det handlar om å være tilstades – å sjå, få kontakt, berøre, være i situasjonen, i øyeblikket. Vi kallar oss Siju-klovnar (Eg ser deg See you Siju) Det vi ikkje visste, var at det allereie fanst sjukeheimsklovnar. Under eit tilfeldig søk på internett, oppdaga vi «Klokkeklovnene». Det var ei god oppdaging for oss. Det blei ein bekrefting på at vi held på med noko verdfullt. Vi bruker pusteøvingar, latteryoga og bevegelse for eigen del og som eit reiskap i arbeidet med klovnane. Vi har vore fem gonger på demensavdelinga på den eine sjukeheimen. Vi er heile tida i ein læringsprosess i samspelet med menneske i øyeblikket. Vi vil arbeide vidare med Siju-klovnane på institusjonane. Vi er blant anna i gang med å lage eit hefte som skal presentere Siju-klovnane. Heftet vil og ha eit utval songar som dei eldre vil kjenne seg igjen i. Vi vil også fortsette med å tilby pust og latter/yogasamlingar.