Søknadssammendrag
Bakgrunn for prosjektet
Daglig bruker nesten 90% av unge gutter over en time på dataspill. Av disse ser en stor andel også på andre som spiller dataspill gjennom strømmeplattformene Twitch. Dette viser oss at dataspill er en viktig del av unges kultur i dag. Gaming foregår ofte online med venner, der manskaper sin identitet, en lærings- og oppveksts arena. Samtidig faller flere gutter enn jenter ut av skolen, blir arbeidsledige, utøver kriminalitet og begår selvmord. Hver måned tar i snitt seks unge menn mellom 20 og 30 år sitt eget liv. Unge menn må lære å snakke om følelser
Målsetting for prosjektet
Målet med prosjektet er å gjøre unge gutter oppmerksomme på viktigheten av god psykisk helse, både egen og andres. Dette gjøres ved å sette det i en naturlig setting med dataspill gjennom plattformen Twitch.
Målgruppe
Primær målgruppen er unge menn mellom 16 og 36 år som benytter seg av strømmetjenestene Twitch og spiller dataspill.
Antall personer i målgruppen som prosjektet planlegger å nå
300000
Beskrivelse av tiltak/aktivitet samt gjennomføring av prosjektet
Daglig bruker nesten 90% av unge gutter over en time på dataspill. Av disse ser en stor andel også på andre som spiller dataspill gjennom strømmeplattformene Twitch. Dette viser oss at dataspill er en viktig del av unges kultur i dag. Gaming foregår ofte online med venner, der manskaper sin identitet, en lærings- og oppveksts arena. Samtidig faller flere gutter enn jenter ut av skolen, blir arbeidsledige, utøver kriminalitet og begår selvmord. Hver måned tar i snitt seks unge menn mellom 20 og 30 år sitt eget liv. Unge menn må lære å snakke om følelser
Fremdriftsplan for prosjektet
Januar 2022 – Ansette prosjektkoordinator og kursing av referanse- og faggruppene Januar-mars 2022 – Første møte med fag- og referansegruppe, utvikling av sending og sendeskjema April 2022 – Første sending av programmet på Twitch April-november 2022 – Produsere 16 sendinger Desember 2022 – Sluttevaluering og sluttrapportering
Sluttrapport
Målsetting, målgruppe og bakgrunn for prosjektet
Forsking viser at det å snakke om psykisk helse og vonde følelsar gir avlasting og dempar sjansen for drastiske tiltak på grunn av ein sin psyke. Omtrent 80% av alle sjåarar på streamingplattforma Twitch er unge menn i alderen 16 til 36 år. Gjennom direktesendingar på Twitch saman med kjente Twitch-streamerar, der det blei spelt dataspel og snakka om psykisk helse, skulle dette prosjektet bidra til å redusere psykiske helseplagar spesielt blant unge menn. Dette skulle bli oppnådd ved å normalisere det å snakke om psykisk helse og vonde følelsar, og nå ut til unge menn med eit språk som er tilpassa den moderne tida dei lever i nå, på ein plattform som er viktig for unge i dag, og saman med samarbeidspartnarar som blir sett opp til av dei. Prosjektet #gameprat har gjennomført 16 direktesendingar på Mental Helse Ungdom sin eigen Twitch-kanal saman med kjente Twitch-streamerar. Under sendingane det blei spelt dataspel medan viktige samtalar innanfor psykisk helse blei haldt.
Beskriv i hvilken grad oppsatte effektmål ble nådd (ref søknadsskjemaet)
Vurdering av effektmål Gjennom kontinuerlege observasjonar av Twitch-chatten under direktesendingane, blei det opplevd at programmet hadde ein positiv effekt på det å opne opp om sin psykisk helse hos brukarane av #gameprat, noko som samsvarte med tilbakemeldingane frå referansegruppa. Kommentarane frå Youtube-høgdepunkta viser også til dette. Programmet tok for seg mange tema som hadde samanheng med psykisk helse, blant anna viktigheita gaming har for utvikling, identitetsskaping og oppvekst for samfunnet og unge i dag. Tilbakemelding Twitch-streamerane som var til stades som gjester fekk frå sine sjåarar, var også positive i forhold ufarleggjering av snakking om psykisk helse. Prosjektet #gameprat opplevast å ha senka terskelen for å snakke om si eiga psykiske helse, og ufarleggjort fleire tema hos sjåarane.
Antall personer i målgruppen nådd av prosjektet
140000
Prosjektgjennomføring/Metode
Sendingane bestod av en programvert, en eller fleire kjente gjester frå Twitch-miljøet og dataspel. Programmet for direktesendingane blei utvikla med følgande kriteria: Underhaldning, Nyttigheit, Rekkevidde. Punkta ovanfor kombinert gav eit programkonsept som hadde som mål å fange oppmerksamheit og tiltrekke unge sjåarar på Twitch til å komme og sjå på, bli værande på sendinga, og oppleve at det å snakke om psykisk helse, vonde følelsar og søke hjelp, var normalt å gjere. Dersom nokon av sjåarane følte seg dårlege, hadde det vondt, trong nokon å snakke med, eller hadde behov for avlasting, ble det fortalt om hjelpechatten hos mentalhelseungdom.no under sendinga, og direktelenker blei sendt i Twitch-chatten kvart 10. minutt.Underhaldningsdelen av programmet blei utvikla saman med referansegruppa. Kjernen av prosjektet: dersom det blei snakka om psykisk helse og at livet hadde oppturar og nedturar i normale settingar, skulle det bidra til normalisering av det å snakke om desse tinga. Det var også viktig at sendingane ikkje blei sendingar som berre eksisterte for å snakke om psykisk helse og tvinge det inn, men heller følgje den naturlege og avslappa stemninga som Twitch generelt har.
Resultater og resultatvurdering
Prosjektet har gjennom midlar frå Stiftelsen Dam utvikla og direktesendt 16 sendingar saman med kjente Twitch-streamerar på Twitch, med eit program som innehaldt dataspeling og samtalar om psykisk helse. Det har også blitt produsert 16 høgdepunktsvideoar for kvar sending, som har blitt gitt ut på Youtube. Det har i tillegg blitt utført 40+ ekstra direktesendingar på Twitch, med berre prosjektkoordinator. Fleire av sjåarane deltok aktivt i samtalane under direktesendingane og kom med spørsmål som programvert og gjest tok omsyn til. Sendingane tok omsyn til kva brukarane ønska å snakke om der og då, i tillegg til det programmet og gjest hadde planlagt å snakke om. Under er tall på visningar og minuttar sett under prosjektet: Sum visningar #gameprat Youtube og Twitch 62 696 Sum visningar av kanal Youtube og Twitch 140 396 Samlet minutt sett 515 559
Oppsummering og videre planer
Prosjektet vil leve vidare i form av videoar som vil liggje tilgjengeleg på MHU sin Youtube-kanal. Twitch-kanalen og Youtube-kanalen som blei bygd opp under prosjektet, vil være open for bruk for framtidige relaterte prosjekt, og samarbeidspartnarar som ønsker å nå ut til dette publikummet. Ila. prosjektperioden blei det inngått eit samarbeid med e-sportsorg Vanir og Metizport, om å gå saman og bruke speling og streaming til å snakke om psykiske helse. Kanalen vil bli samankopla med det psykisk helsefremmande arbeidet samarbeidspartnarane gjer, og bidra med å nå ut til eit større publikum.