Intervensjonsstudie hjerneskade

I samarbeid med

Sluttrapport

Bakgrunn

Ein rapport frå Helsedirektoratet i 2005 konkluderte med behov for tverrfagleg rehabiliteringspoliklinikkar for betre oppfølging, utgreiing og kontroll, der spesielt oppfølging av lette hjerneskadar var mangelfull. Ved etablering av nye behandlingstilbod er det viktig at dei er basert på forsking.

Målsetting

Overordna mål var å evaluere effekt av tverrfagleg poliklinisk behandling samanlikna med oppfølging hjå fastlege, studere utkomme og prognostiske faktorar for pasientar med lett traumatisk hjerneskade.

Design, metode, materiale

Artikkel 1 var ein prospektiv kohortstudie med 343 pasientar med lett traumatisk hjerneskade der me samanlikna utkomme for pasientar som møtte til kontroll 2 månader etter skade med dei som ikkje møtte til kontroll etter innlegging ved Haukeland universitetssjukehus i 2009-2011. Artikkel 2 var ein prospektiv randomisert kontrollstudie der 151 pasientar av 866 med vedvarande plager 2 månader etter skade vart rekruttert og randomisert enten til tverrfagleg poliklinisk behandling eller oppfølging hjå fastlege etter tverrfagleg undersøking. Gruppa som fekk tverrfagleg poliklinisk behandling deltok i gruppeundervisning over 4 dagar og dei fekk individuell oppfølging så lenge det var behov i inntil eit år etter skaden. Artikkel 3 var ein prospektiv kohortstudie der me studerte prognostiske faktorar for tilbake i arbeid for pasientar som var rekruttert til artikkel 2

Gjennomføring

Studien vart gjennomført ved Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering ved Haukeland universitetssjukehus og Oslo universitetssykehus, Ullevål. Pasientar innlagt ved Nevrokirurgisk avdeling ved desse to sjukehusa i frå januar 2009 til januar 2012 vart rekruttert til å delta i studiane. Rekrutteringsperioden vart forlenga til 3 år for å sikre fleire deltakarar til studien.

Resultater

Pasientar som ikkje møter til kontroll har god prognose. Tverrfagleg poliklinisk behandling reduserer plager men betrar ikkje arbeidsevna etter ein lett hjerneskade. Det var ein tendens til mindre bruk av andre helsetenester i behandlingsgruppa. Sjukmelding i løpet av året før skade, sjukmeldt to månader etter skade, nedsett funksjon to månader etter skade og psykiske plager to månader etter skade verkar negativt inn på arbeidsevna 1 år etter skade.

Samarbeidspartnere

Hovudveiledar: Professor Jan Sture Skouen Haukeland universitetssjukehus og Universitet i Bergen. Biveilderar: Professor Cecilie Røe og Professor Erik Bautz Holter, Oslo universitetssykehus, Ullevål og Universitet i Oslo. Statistisk veiledning Jörg Assmus, Kompetansesenter for klinisk forskning,

Videre planer

Oppretting og vidare drift av tverrfagleg poliklinikk for pasientar med lett traumatisk hjerneskade ved tilsvarande poliklinikkar i Norge. Spreie kunnskap gjennom samarbeidsmøter og presentasjon av resultat på nasjonale konferansar.

Samarbeid med søkerorganisasjonen

Søkerorganisasjonen (Personskadeforbundet) har fylgt opp prosjektet med rapportering og kort informasjon til deira medlemmer. Vidare har Personskadeforbundet sine medlemer og tilsette delteke på nasjonal konferanse for hjerneskaderehabilitering der resultat frå prosjektet har vorte presentert og ytterlegare resultat vil verte presentert ved neste konferanse i 2017.

Publikasjonsliste

Doktorgradsavhandling:
Vikane E (2016) Effect of a multidisciplinary outpatinet treatment after
mild traumatic brain injury – A randomized controlled trial and prognostic
factors for return to work.
Universitetet i Bergen, Det medisinsk-odontologiske fakultet, ISBN 978-82-308-3310-0.

Artikler:
Vikane E, Hellstrom T, Roe C, Bautz-Holter E, Assmus J & Skouen JS (2014) “Missing a follow-up after mild traumatic brain injury-Does it matter?» Brain Injury, årg. 28, nr. 11, s. 1374-80.
Doi: 10.3109/02699052.2014.919532.

Vikane E, Hellstrøm T, Røe C, Bautz-Holter E, Aßmus J & Skouen JS «Multidisciplinary outpatient treatment in patients with mild traumatic brain injury: a randomized controlled intervention study.» Sendt inn til Brain Injury 2016.

Vikane E, Hellstrøm T, Røe C, Bautz-Holter E, Aßmus J & Skouen JS (2016) “Predictors for return to work in subjects with mild traumatic brain injury.» Behavioural Neurology, årg 2016; Article ID 8026414, 10 pages.
Doi:10.1155/2016/8026414.:

Sluttrapport/artikler (pdf)

Dissertation for the degree PhD Vikane without publications.pdf
2016 Vikane E Predictors for Return to Work in Subjects with Mild Traumatic Brain Injury.pdf

Sluttrapportsammendrag

Doktorgradsavhandling:
Vikane E (2016) Effect of a multidisciplinary outpatinet treatment after
mild traumatic brain injury – A randomized controlled trial and prognostic
factors for return to work.
Universitetet i Bergen, Det medisinsk-odontologiske fakultet, ISBN 978-82-308-3310-0.

Artikler:
Vikane E, Hellstrom T, Roe C, Bautz-Holter E, Assmus J & Skouen JS (2014) “Missing a follow-up after mild traumatic brain injury-Does it matter?» Brain Injury, årg. 28, nr. 11, s. 1374-80.
Doi: 10.3109/02699052.2014.919532.

Vikane E, Hellstrøm T, Røe C, Bautz-Holter E, Aßmus J & Skouen JS «Multidisciplinary outpatient treatment in patients with mild traumatic brain injury: a randomized controlled intervention study.» Sendt inn til Brain Injury 2016.

Vikane E, Hellstrøm T, Røe C, Bautz-Holter E, Aßmus J & Skouen JS (2016) “Predictors for return to work in subjects with mild traumatic brain injury.» Behavioural Neurology, årg 2016; Article ID 8026414, 10 pages.
Doi:10.1155/2016/8026414.:

Prosjektleder/forsker

Eirik Vikane

Hovedveileder

Jan Sture Skouen

Detaljer
Program
Forskning (2007)
Prosjektnavn
Intervensjonsstudie hjerneskade
Organisasjon
Personskadeforbundet LTN
Org.ledd
Haukeland Univ.sykeh., Rehab.klinikken, Avd. for fys. med. og rehab.
Beløp Bevilget
2008: kr 530 000, 2009: kr 47 000, 2010: kr 575 000, 2011: kr 555 000
Startdato
04.12.2008
Sluttdato
31.12.2012
Status
Avsluttet