Kafe TID

Søknadssammendrag

Bakgrunn for prosjektet

Behovet for ein arbeidstreningarena/språkpraksisplass og behovet for ein uformell sosial møteplass, har bidratt til eit pilotprosjekt med kafedrift som arbeidstreningsarena to dagar i veka fra 26.august – 31.des-17 i Ål kommune. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom KIA Ål (Kristent interkulturelt arbeid) /kyrkja og kommunen – innvandrartenesta, frivilligsentral, NAV, psykisk helse og kultursektoren. Målet i 2018 er å kunne prøve ut ideen i større målestokk, utvide konsept og opningstid. Kafeen er eit ledd i målet om å skape fleire «rause arbeidsplassar».

Målsetting for prosjektet

Tilby relevant arbeidstrening og språkpraksis. Bidra til miljø – og nettverksbygging på tvers av sosiale og kulturelle skiljeliner. Vere nettsverkbygger mellom arbeidsliv og folk i praksis. Skape tettare samarbeid mellom kommune, næringsliv og frivillig sektor.

Målgruppe

Innvandrarar, personar utanfor arbeidslivet / NAV. Gjester i kafeen: Eit mangfald av befolkningen; unge, gamle, innfløttarar, turistar.

Antall personer i målgruppen som prosjektet planlegger å nå

2000

Beskrivelse av gjennomføring og metode for prosjektet

«Rausa arbeidsplassar» handlar om å fremme medborgarskap i samfunnet: Anerkjenne alle medborgarar i samfunnet som likeverdige deltakarar. Mange lever sine liv på sida av samfunnet – dette får konsekvensar for den enkeltes helse, livssituasjon og for samfunnet som heilskap. Verdiar som fremmer aktivt medborgerskap og samhandling er nødvendig for eit fungerande velferdssamfunn. Relasjonsbyggjande arbeid blir ein viktig del av innhaldet. Diakonen og ein person frå psykisk helse skal bidra ein del i miljøarbeidet på kafeen. NAV og innvandrartenesta bidra til kvalitetssikring ved å skrive kontraktar og lage avtaler med sine brukarar og vere med på samarbeidsteamet rundt kafeen. Kafedrift saman med bruktmarknaden ( i etasjen over) vil vere ein gunstig kontekst for arbeidstrening /praksisplass med variasjon i arbeidsoppgåver i eit miljø som bidrar til relasjonsbygging og tilhøyrigheit i ein større samanheng med etablering av relasjonar på tvers av alder, kulturell bakgrunn og livssituasjon. Kafeen Målgruppa skal få rom til å ta i bruk og utvikle eigne ressursar, kvalifikasjonar, evner, eigenskapar og interesser innanfor ei trygg ramme der ein blir ivaretatt i forhold til sårbarheit og behov for oppfølging og opplæring.

Fremdriftsplan for prosjektet

1/1-18: Vidareføre pilotprosjektet og utvide konseptet. I løpet av første halvår 2018 er målet å ha laurdagsopent – der dei som er i praksis etter kvart kan få prøve seg i lønna arbeid. Arrangere konsertar og kulturmøter, kreative verksted. Opplæring av team som skal starte kafe på kulturhuset i løpet av 2018/19. Gradvis bli meir sjølvberga i 2019 gjennom inntekt, stønad til kulturtiltak, støtte frå næringsliv og det offentlig.

Sluttrapport

Målsetting, målgruppe og bakgrunn for prosjektet

1. Tilby relevant arbeidstrening og språkpraksis 2.Bidra til å skape ein uformell sosial møteplass der ein kan møtes og bli kjent på tvers av sosiale og kulturelle skiljeliner. 3. Vere ein nettsverkbygger mellom arbeidsliv/arbeidsplassar og folk i praksis, slik at vegen til lønna arbeid blir kortare. Skape eit tettare samarbeid mellom kommune, næringsliv og personar som ynskjer å starte eigen verksemd Målgruppe: Personar som treng /ynskjer praksisplass, jobberfaring, språkpraksis og ein meir aktiv og sosial kvardag. • Innvandrar, folk i norskopplæring • Personar knytt til NAV /psykisk helse • Andre frivillige Kafe TID er ledd i ein større plan om å få til fleire rause arbeidsplassar i Ål. Medarbeidarane skal få rom til å ta i bruk og utvikle eigne ressursar, kvalifikasjonar, evner, eigenskapar og interesser innanfor ei trygg ramme der ein blir ivaretatt i forhold til sårbarheit og behov for oppfølging og opplæring.

Beskriv i hvilken grad oppsatte effektmål ble nådd (ref søknadsskjemaet)

22 personar hatt praksis der, 6 norske i NAV praksis og 16 i språkpraksis følgt opp av flyktningstenesta. I tillegg er det 5 frivillige som er der fast. Dette er personar som har trygd, eller pensjonistar og dermed ikkje er under eit opplegg fra NAV, men er der på frivillig basis. Me har også 14 person på ein eigen facebookgruppe: Frivillig TID som jobbar frivillig ved konsertar og arrangment. Og gjennom åra har det vore fleire frivillige innom; ungdom, konfirmantar og andre som ønsker å prøve seg i kafe – og servicebransjen. Mange av dei frivillige har etablert kafeen som ein viktig del av sitt nettverk. Tilsaman er det derfor 50-60 personar, som av ulike årsakar, i ulike livssitausjonar er knytt til kafeen. Kafeen blitt ein viktig møtestad, for lokabefolkning, barnefamiliar, einslege, barselgrupper, pensjonistar og for hytteturistar.

Antall personer i målgruppen nådd av prosjektet

100

Prosjektgjennomføring/Metode

Samskaping: Kafe TID –konseptet har fokus på det å skape gode rom for samskaping på tvers av faglege, sosiale og kulturelle skiljeliner. Kafeen er ein integrering – og arbeidstreningsarena som bidrar til at innvandrarar, personar i NAV-tiltak og personar på trygd får ein meir aktiv og sosial kvardag i tillegg til jobberfaring og auka mulegheit for å kome seg ut i jobb. Kafeen er ein alminneleg kafe for alle, samtidig har kafeen ein sosial profil og er ein nettverksbygger – og brubygger. Kafeen er også ein kulturarena med ulike konsertar og arrangement. Dette allmenne preget bidrar til at kafeen ikkje blir stigmatisert som ein tiltaksplass eller ein kafe for spesielle grupper. Samarbeid: Me har samarbeida tettast med psykisk helse og flyktningetenesta, og ser at det er svert nyttig med tanke på oppfylging av den enkelte og med tanke på det tverrfaglege samarbeidet. Dette er av avgjerande betydning for den enkelte sin utvikling og progresjon. Brukarmedvirkning, medborgarskap, medarbeidarar: Heile TID-konseptet baserar seg på samarbeid og samskaping mellom personar som er likeverdige, men har ulike roller. Personar i praksis, tilsette og frivillig, blir kalla medarbeidarar

Resultater og resultatvurdering

Kafeen er etablert som ein viktig og berande aktør i lokalsamfunnet, med levering av tenester til kommunen som : 1.Språkpraksis, 2.Praksis for personar i NAV systemet, 3.«Alminneleggjering»: kafe TID har bidratt til at personar, som tidlegare berre var kjent /hadde sitt nettverk innan psykisk helse har blitt ein del av det alminneleg lokale miljøet. Kafeen er ein alminneleg kafe for alle, samtidig har kafeen ein sosial profil og er ein nettverksbygger – og brubygger. Kafeen har dermed bidratt til å bygge ned skiljeliner mellom ulike grupper og personar i samfunnet. Kafeen har blitt ein viktig kulturarena – og integreringsarena med ulike konsertar og arrangement. Fleire har kome i jobb og fått ein meir aktiv kvardag. Foreløpig resultat er at 10 personar har fått lønna arbeid i ulike prosentstillingar. Dei andre som har hatt praksis fortsett sin skolegang med utdanning og ulike typer praksisplassar. Kafeen er utvida med ein landhandel, etablert av ei i praksis (TID kafe&landhandel)

Oppsummering og videre planer

TID stiftelsen: Samskapande entreprenørskap: Skape eit miljø prega av TILLIT, der personar kan blomstre. Tillit gjer at ein tør å vere ueinige og ærlege, på ein saklig måte. Gje seg sjølv og andre nye sjansar. Nye sjansar må møtes med respekt, ikkje gjentaking av gamle mønster. INKLUDERING: Rom for alle, men ikkje alt. «Vi» framfor «oss/dei». «Vårt» framfor «mitt» . Samtidig er det viktig å ivareta eigne grenser. DELTAKING: Ivareta grunnleggjande menneskerettigheiter der tilhørigheit, deltaking og medverknad i kvardagsliv, arbeidsliv og samfunnsliv er avgjerande for helse og livskvalitet.

Prosjektleder

Hilde Kirkebøen

Detaljer
Program
Helse høst (2017)
Prosjektnavn
Kafe TID
Organisasjon
Kristent Interkulturelt Arbeid
Beløp Bevilget
2018: kr 640 000, 2019: kr 320 000
Startdato
01.01.2018
Sluttdato
30.12.2019
Status
Avsluttet