Kjennskap gjev vennskap

I samarbeid med

Søknadssammendrag

Bakgrunn for prosjektet: For

nesten to år sidan, kom det ei ny gruppe flyktningar til Radøy. Dei fleste av dei var frå Eritrea og Sudan, mest berre vaksne. Me inviterte dei på ei samling, og vart så vidt kjende med dei. Eit halvt års tid fekk dei norskundervisninga si i Radøy, så vart dei flytta til Knarvik. Det er det vidaregåande skulesenteret i regionen vår, og ligg i Lindås kommune. Me kjenner ikkje til kvifor dette vart endra, men frå vår ståstad var dette eit uheldig val. Då mista me den nære

kontakten med dei, og reint tilfeldig oppdaga me at ikkje alt var så bra med alle.

Dei heldt saman på ein måte, men vi meiner det må gjerast noko for å utvida fellesskapen deira med oss andre.
Mål: Vera med og finna glede og fellesskap saman. Skapa samkjensle i det nye landskapet. Gjennom aktiv deltaking

legge til rette for eit meiningsfylt liv. Overordna mål: Eit meiningsfylt liv for innvandrarar i Radøy gjennom auka tryggleik og nye vener. Hovudmål:

Ved å integrera og

involvera dei nye ibuarane i bygda, vil me prøva gjennom forskjellige møteplassar, å gje dei nye vener og meir tryggleik.


Målgruppe: Nye innvandrarar til Radøy kommune. Sidan dette er yngre folk må me også motivera radværingar på same alder til deltaking.
Gjennomføring: Me søkjer om eit prosjekt som går over eit år, reknar med det går litt tid for å innarbeida kontakten med dei nye. Sidan me bur i ein oversiktleg kommune, skal dette gå greitt. Den delen av tilrettelegginga er allereie starta.

Prosjektleiar er i kontakt med dei det gjeld. I kommunen vår er det mange gode krefter å spela på. Me er aktive på mange områder, både innan song, musikk og idrett, turgrupper, fotball og korpsmiljøet. LHL driv vanleg trim og vasstrim i symjehallen. Den inneheld både 25 meter basseng og varmtvassbasseng, som kan nyttast. Her finns orienteringsløyper

og gode turterreng kringom. Det vil og vera aktuelt å tilby ein eller to kveldar pr. månad, der me

leikar oss med pensel og fargar. Kommunen har fleire fiskeanlegg, som kan vera noko å vitja. Det er og umogleg å ikkje koma innpå kosthald, avdi me veit av erfaring, at det lett vert eit problem for den enkelte. Deltakarane skal og få høve til å bli kjende i nærmiljøet og regionen.
Prosjektets betydning: Me vil setje i gang tiltak som kan betra kvardagen til dei siste nytilflytta naboane våre. Me trur at eit slikt tilbod vil gjera det lettare for dei å leve her i landet. Kjennskap og vennskap kan førebygge einsemd og psykiske vanskar. Me trur og at me som bur i kommunen frå før, vil ha både glede og nytte av å utvide kretsen av dei me er saman med.
Framdriftsplan: Første ½-år: Invitera til felles samtaler med våre nye ibuarar. Legge fram våre tankar om organisering . Motivera til

samarbeid. Etablere trimtilbod, kurs og turverksemd. Bli kjent i eige nærområde. 2. halvår: Vidareføre faste aktivitetar, samt innføre ein del nye tiltak, tilpasse årstida, slik som safting, sylting mm. Vi vil og ta opp den norske turtradisjonen, med søndagsturar i skog og fjell. Utvide områdekjennskapen med tur til by (Bergen)

Sluttrapport

Sluttrapport/artikler (pdf)

Sluttrapport-Kjennskap gjev vennskap.pdf

Prosjektleder/forsker

Berit Kvalvik

Detaljer
Program
Forebygging (2012)
Prosjektnavn
Kjennskap gjev vennskap
Organisasjon
Landsforeningen for hjerte- og lungesyke
Beløp Bevilget
2013: kr 158 000
Startdato
01.01.2013
Sluttdato
31.12.2015
Status
Avsluttet