Kronisk liding – aktivt liv

I samarbeid med

Sluttrapport

Sluttrapportsammendrag

Eit mål med prosjektet Kronisk Liding – Aktivt Liv var å byggje opp lokal fagleg kompetanse om fysisk aktivitet som verkemidde

Eit mål med prosjektet Kronisk Liding – Aktivt Liv var å byggje opp lokal fagleg kompetanse om fysisk aktivitet som verkemiddel og om metodar og organisering for å få positive resultat i høve til varig livsstilsendring. Vi prioriterte å nytte fysiske testar for å setje utgangspunkt for trening og evaluere effekt av trening for å nå dette målet. Ei anna målsetjing var å bruke prosjektet til aktivt å byggje opp nettverk og kontakt med pasientorganisasjonane for å gje spreieverknad av oppbygd kompetanse lokalt, regionalt og sentralt i brukarorganisasjonane. Vi gjennomførte ei rekke tiltak; utarbeiding av felttestar, utarbeiding av hefte, video og internettløysing, brei omtale av prosjektet i media og bruk av prosjektmedarbeidarar og prosjektdeltakarar til undervisning og kursing av brukarorganisasjonar og andre, samt oppbygging av lokale tiltak som kan brukast av andre. Vi hadde også som mål å finne måtar å legge til rette for og stimulere deltakarane til aktiv livsstil for å betre livskvalitet i kvardagen og rehabilitering. Middelet her var å byggje opp kunnskap og motivasjon for fysisk aktivitet for å oppnå endring av vanar i retning av ein meir aktiv livsstil tilpassa lidinga. Vi fann at deltakarane fekk ein meir aktiv livsstil, og at dei aller fleste har vald å fortsetje med aktivitet. Vi er usikre på mekanismane for at desse måla er nådde, men trur at kombinasjonen av at dei har følt effekt på kroppen, har gjennomgått teoretisk skulering og opplevd gode sosiale relasjonar har gitt effekt.

 

Prosjektet er i dag nedlagt, men lever i høgste grad vidare på fleire måtar; erfaringar og lærdom blir nytta i fagfolka sitt daglege arbeid og gjennom fleire prosjekt, som t.d. ”Seniorskule”, ”Osteoporoseskule” og internettprosjektet www.trivsel.net/frisk. Vi nyttar også nye testar og nye evalueringsformer i arbeidet på bakgrunn av erfaringane frå prosjektet. Fagfolka frå prosjektet er tilgjengeleg for alle som måtte ønskje å nytte kompetansen. Den breie kontakten med brukarorganisasjonane har foreløpig uteblitt. Vi føler likevel at mogelegheitane ligg til rette for eit samarbeid med fleire ulike brukarorganisasjonar. Gjennom prosjektet www.trivsel.net/frisk har vi mogelegheit til å videre spreie resultata frå KLAL og spreie kunnskap om fysisk aktivitet for å forebyggje og rehabilitere ei rekke kroniske sjukdomar.

Prosjektleder/forsker

Jo Inge Gåsvær

Detaljer
Program
Rehabilitering (2000)
Prosjektnavn
Kronisk liding – aktivt liv
Organisasjon
Landsforeningen for hjerte- og lungesyke
Org.ledd
Vestlandsforskning, Sogndal/idrettssenteret Sogndal og Høgskulen i SFj
Beløp Bevilget
2001: kr 500 000, 2002: kr 600 000, 2003: kr 700 000
Startdato
01.01.2001
Sluttdato
01.10.2004
Status
Avsluttet