Lungenes arbeidssituasjon ved overvekt.

I samarbeid med

Søknadssammendrag

1

Bakgrunn for prosjektet
Overvekt har nådd epidemiske proporsjoner i den vestlege verda. Problemet gjeld for begge kjønn og i alle aldersgrupper. Mange overvektige slit med luftvegsproblem i tillegg til andre påkjenningar.

Hjå overvektige har KOLS / astma ofte ei svært hissig og invalidiserande utvikling. Overvekt medfører endringar i både det dynamiske og statiske lungevolumet. Regelen er at dei pustar på lavare lungevolum og dermed aukar den bronkiale hyperreaktiviteten. Dette i tillegg til endringar i hormonbalansen som igjen påverkar inflammasjonsimmunologien.
Svært mange har også Pickwicks syndrom ( Obstruktiv Søvnapnoe) som forverrar situasjonen og gir ein ekstra auka risiko for hjerte -/karsjukdom, diabetes mellitus og psykiske belastningar med depresjonar

og ein vond sirkel der ein er trøytt, reduserar aktivitet, som igjen fører til vektauke. Situasjonen medfører auka morbiditet og mortalitet, noko som gir høgare samfunnskostnader og lidingar for den enkelte.
Gjennom eit prosjekt ynskjer vi å framskaffe meir kunnskap om dette problemet. Muritunet -Senter for Meistring og Rehabilitering er lokalisert i Valldal på Sunnmøre. Institusjonen er den største innan privat rehabilitering på Nordvestlandet og har spisskompetanse på m.a. overvekt- og lungesjukdomar.

Muritunet har ei fullt utstyrt respirasjonsfysiologisk eining under leiing av spesialist i lungesjukdomar

og indremedisin og har såleis dei aller beste føresetnader for prosjektet.
Med bakgrunn i dei helse?og samfunnsmessige konsekvensar kombinasjonen lungelidingar og sjukleg overvekt

representerar, er det viktig å finne frem til avbøtande tiltak som kan redusere pasienten sine lidingar og samtidig dempe dei negative samfunnsmessige konsekvensane av fenomenet.


Vår overordna målsetting er eit ønskje om å sjå at det opplegget Muritunet har for overvektige også reduserer lungeplager.

2 Prosjektets målsetting
Måle effekten av vektreduksjon og behandling på luftvegsproblem ved sjukleg overvekt. Etablere råd til rehabilitering av aktuell målgruppe.

3 Prosjektets målgruppe
Menneske som har luftvegsproblem og samtidig sjukleg overvekt (Body Mass Index BMI >/= 40 kg/m2 eller BMI >/= 35 kg/m2 med alvorlege følgesjukdomar) tilvist til rehabilitering gjennom spesialisthelsetenesta ved lungeavdeling og fedmepoliklinikken, Ålesund sjukehus.


Fokus på førekomst

av KOLS / astma samt obstruktiv søvnapnoe
(Pickwicks syndrom).


Aldersgruppe 18 – 60 år.

4 Prosjektets betydning
Det er publisert lite om lungene sin arbeidssituasjon i eit overvektige legeme.

Vi ser primært behov for å gjennomføre eit kombinert kartleggings-og metodeutviklingsprosjekt som kan gi auka innsikt

i problemet sitt omfang og størrelse.

Dette vil kunne gi grunnlag for generelle råd i førebygging og alternative behandlingsregimer for den aktuelle målgruppa.
Sekundært skal ei gjennomføring av prosjektet hjelpe pasientar

til eit betre liv i ein vanskeleg livssituasjon. Summen av desse faktorane trur vi skal gi ein viktig samfunnsnyttig kunnskap.



5 Framdriftsplan
Varig vektreduksjon må takast over tid.

Pasientane i vårt program for overvektige er inne til behandling i 4 veker initialt, med oppfølging i 3 x 2 veker over 2 år.

Prosjektet har oppstart f.o.m. 1. kvartal 2011 med framhald t.o.m. 4. kvartal 2012. Det er ein føresetnad for gjennomføring av prosjektet at det ?følg rytmen? til vårt program for sjukleg overvektige pasientar. Derfor må prosjektet ha ein tidshorisont på 2 år + 3 mnd for evaluering og analyse.

I denne perioden kan 60-80 pasientar bli inkludert som deltakarar i prosjektet, og gjennomgå tiltak innan fysisk trening, kosthaldsundervisning og kognitiv terapi. Det vil bli halde regelmessige møter med intern rapportering og utveksling av erfaringar fortløpande.


Nødvendige tiltak vedrørande kvalitetskontroll og betring av opplegget vil bli fatta og sett i verk.(Metodeutvikling)

Ein har etablert kontakt med regionalt senter for overvekt (RSSO)ved St. Olavs hospital, som vil bli konsultert under gjennomføringa av prosjektet.

Prosjektet får elles full støtte fra LHL fylkeslag i Møre og Romsdal. Muritunet tek sikte på publisering av resultata.

Sluttrapport

Sluttrapport/artikler (pdf)

Prosjekt-sluttrapport LHL, ver.1.5.pdf

Prosjektleder/forsker

Finn Wammer

Detaljer
Program
Rehabilitering (2010)
Prosjektnavn
Lungenes arbeidssituasjon ved overvekt.
Organisasjon
Landsforeningen for hjerte- og lungesyke
Beløp Bevilget
2011: kr 370 000, 2012: kr 370 000
Startdato
01.01.2011
Sluttdato
31.12.2013
Status
Avsluttet