Søknadssammendrag
Lykkens Ansikt
Hallgeir Berge har mista ansikt, bokstavleg talt. I ei trafikkulykke vart det brutalt rive
av. I filmen ”Lykkens Ansikt” skal vi vise ulykka si brutale natur, og vi skal vise eit Helse-Noreg som bruker millionar på at han skal overleve, og millionar på at han skal sjå pen og normal ut. Men som ikkje brukar ei krone på å finne ut korleis han eigentleg har det etter ulykka som snudde livet hans på hovudet. Likevel har Hallgeir klart å snu ulykke til lykke. TV2 vil vise filmen, og han skal bli brukt til foredrag som Hallgeir sjølv skal halde på skular, for ungdom og i ulike lag og organisasjonar.
Bakgrunn
Det er mørk vinternatt i 2004 på dei svingete vegane på Vestlandet. Eit ungt kjærastepar er på veg til familiehytta i Valdres. I Gudvangstunellen får turen ein brå slutt. Hallgeir mistar kontrollen over bilen, og det går forferdelig galt. I møtet med tunellveggen vert Line slått lufta ut av og får fleire kraniebrot. Hallgeir brekk 5. nakkevirvel, ansiktet hans vert brutalt skrelt til sides, og heng ned på venstre skulder etter ei sene. Kjeve, tenner, hud og musklar er knuste. Ambulansepersonalet som kjem til staden finn ikkje luftrøret, og har derfor problem med å ventilere han. Brotet i nakken gjer at han må fraktast sittande i helikopteret til Haukeland Sjukehus. Når han kjem fram, diskuterar legane om det er vits i å prøve å bygge opp ansiktet hans igjen.
Ulykka skjedde under Hallgeir sitt siste år på gymnaset. Han hadde allereie søkt på medisinstudiet og på juss. Han var ivrig etter å få ei utdanning, ei karriere og ei familie.
Etter ulykka låg Hallgeir på operasjonsbordet i over 20 timar. Sidan låg han i koma i ei veke, og tre månadar på sjukehus. Operasjonane var vellykka, og som ved eit under fekk ikkje Hallgeir hjerneskade, eller alvorlege mén utanom dei i ansiktet.
Etter sjukehusopphaldet vart det viktig for Hallgeir å vise at han kunne gjere alt det han hadde planar om før ulykka. På overflata verka Hallgeir alltid glad og aktiv i denne perioden. Han ville ikkje tenke på det som hadde skjedd, og korleis det kom til å forandre livet hans – for kva kunne då kome til overflata? Hallgeir fekk ikkje psykologhjelp eller tilbod om psykisk oppfølging på denne tida, ei tid som baud på mykje forvirring, sinne og fortviling som Hallgeir stadig ville fortrenge.
Mellom to operasjonar flytta Hallgeir for ei periode til Mexico for å studere. Der merka han at livet var annleis. Folk glodde ikkje på eit ansikt utan naserygg, på lapp for auge og på arra som prega ansiktet. Hallgeir kunne slappe av på ein heilt annan måte enn han kunne i Noreg.
Ei reise førte til ei reise til. Eksamenar i Noreg blei droppa. Det vart viktigare å hjelpe gatebarn i slummen i Rio, eller lære portugisisk og spansk. Det blei viktigare å bli kjend med nye menneske, nye kulturar og ikkje minst med seg sjølv. No kunne Hallgeir slappe av, og for fyrste gong verkeleg tenke på kva som hadde skjedd, og kva det kom til å bety for resten av livet hans.
No skal Hallgeir igjen leggast på operasjonsbordet på Haukland Sjukehus. Han skal få bygd opp ein naserygg og flytte på eine auge, slik at han kanskje vert kvitt dobbelsynet som plagar han. Dette er ingen enkel operasjon, kirurgane har tidlegare prøvd mange ulike metodar for å rette på desse ”skavankane”.
Problemstilling:
Hallgeir fekk inga hjelp frå det offentlege til å bearbeide ulykka og til å lære å leve med eit nytt ansikt – eit ansikt som vekkjer oppsikt med arr, manglande nasebein og lapp for eine auge. Eit redda liv skal også levast, seier Landsforeningen for Trafikkskadde. Å leve er noko Hallgeir har lært igjen, men det tok mange år, lange reiser og utallege timar med grubling og skriving. Han klarte det heilt utan offentleg hjelp, men berre fordi han er ein svært sterk og resursfull person. Kva ville skjedd om han ikkje var det, og om han ikkje hadde så mange gode menneske rundt seg?
Har systemet svikta han, eller finns det rett og slett ikkje eit system som tek vare på menneske som har vore gjennom traumatiske ulykker?
Bodskapen
Bodskapen i filmen vil vere samansatt. Vi vil fortelje ei historie om ein spesiell gut i spesielle omstende, og trafikktryggleik vil vere eit viktig tem
Sluttrapport
Sluttrapportsammendrag
Produksjonsselskapet gikk konkurs 07.03.2012, og har per i dag ikke ferdigstilt filmen. Filmen skulle følge en mann som hadde fått skader i ansiktet etter en trafikkulykke. I tillegg til utfordringene med driften av produkskjonselskapet ble filmingen vanskeliggjort av at helsetilstanden til vedkommende ble dårligere og filmingen ble forsinket.
Det foreligger ikke noen ferdig film per i dag.