Sluttrapport
Sluttrapportsammendrag
Korleis ein lever med og forstår eigen sjukdom, levesett og fysiske og psykiske reaksjonar verkar sterkt inn på sjukdommen si utvikling. ”Meir Mosjon, Meistring og Trivsel” sikta på å gi personar med kroniske lungeplager nye kunnskapar, treningstiltak og fellesskap der erfaringar kunne delast. Gjennom mosjon aukar både det fysiske og psykiske velværet. Gjennom fellesskap rundt mosjonen stimulerer ein i tillegg fellesskapet mellom deltakarane. Eit fellesskap som kan fungere som rammeverk for å dele opplevingar og erfaringar kring sjukdommen.
Målet var, i samarbeid mellom primærhelsetenesta, spesialisthelsetenesta, NAAF og LHL, å skape heilskapelege tilbod som legg til rette for fysisk aktivitet og er læringsarena for å utvikle kunnskap om eigen sjukdom og auke evna til å handtere sjukdommen i kvardagen.
Prosjektet var planlagt for åra 2006 – 2008. Grunna sjukdom m.v. vart perioden utvida til og med 2010. I 2006 arbeidde ein særleg lokalt på Søre Sunnmøre, deretter skulle prosjektet utvidast til å femne om heile fylket, deretter Trøndelagsfylka. I 2007 – 2009 opplevde prosjektet store forseinkingar og hadde vanskar med planlagt gjennomføring knytt til manglande forankring utanfor Ørsta/Volda. I 2010 vart prosjektfokus flytt til Nord-Trøndelag med eigen, lokal medarbeidar der.
Ut frå det store talet på målsetjingar ser ein at dette har vore eit svært ambisiøst prosjekt som har møtt store utfordringar, noko som i sterk grad har påverka mulegheit og evne til å nå desse måla som planlagt. På den andre sida har utfordringane vore svært nyttige med tanke på å lære meir om det å gjennomføre større prosjektsamarbeid i ein liten organisasjon mellom mange og ulike samarbeidsaktørar
Ein klarte å gjennomføre både tiltaksinitiering, kursdrift og å etablere eigen nettstad. Dei viktigaste resultata knyter seg elles til erfaringane frå dei utfordringane ein møtte:
· Prosjekt er sårbare i små organisasjonar.
· Når noko uføresett skjer har ein ikkje kapasitet til å kompensere.
· Mobiliserings- og forankringsarbeid er ikkje eingongshendingar.
· Forankring må knytast til organisasjon og ikkje person.
· Bruk eksisterande framfor nye organisasjonar der det er muleg.
· Ha støtte i eigen organisasjon, særleg når noko går gale.
· Det finst svært mange gode tiltak og aktivitetar – bruk desse.
· Gap ikkje for høgt. All aktivitet må vere bygd på lokale utfordringar og mulegheiter – og så ta høgde for at ein skal kunne tilpasse seg til det ”uføresette som alltid kjem til å skje”.
NAAF i Midt-Noreg jobbar vidare med dei konkrete tiltaka og med å vere støttefunksjon for å gjere fleire tiltak til lågterskeltilbod.