Mosjon, mestring, trivsel (MMT)

I samarbeid med

Sluttrapport

Sluttrapportsammendrag

Overordna mål for prosjektet har vore å få etablert eit godt og varig rehabiliteringstilbod med vekt på mosjon, meistring og t

Overordna mål for prosjektet har vore å få etablert eit godt og varig rehabiliteringstilbod med vekt på mosjon, meistring og trivsel for vaksne lungesjuke i åtte kommunar i Ålesund og omegn. Gjennom dette skal pasientane lære å meistre sin sjukdom og få tilbod om eit fast mosjon og meistringstilbod i nærmiljøet.

 

Lungesjuke har eit stort behov for eit tilbod om variert fysisk aktivitet og mosjonstilbod i eit trygt miljø. Men mange vegrar for å delta i dei tilboda som finst fordi dei føler dei går for seint og dermed føler at dei er til belastning for dei andre i gruppa. Difor ville NAAF og LHL samarbeide om eit nytt tilbod basert på mosjon, meistring og trivsel i nærmiljøet. Tilbodet skulle etter planen leggast opp som ein naturleg overgang for dei som har gjennomført astmaskule ved Ålesund Sjukehus. Dette tilbodet har ikkje fungert i prosjektperioda grunna omleggingar i sjukehussektoren. Difor har vi skaffa deltakarane via annonser, brev til kommunelegar, fysioterapeutar, brev til alle medlemar m.m.

 

Erfaringane frå prosjektet syner at å få målgruppa ut av god-stolen ikkje har like vore like enkelt alle stader. Vi har prøvd ulike metodar for å få dei med. I prosjektgruppa bestemte vi oss for å endre begrepet ”lungesjuk” til ”lungeproblem”. Om endringa har hatt noko å sei for deltakar-antalet er vanskeleg å sei. Deltakarane har hatt alt frå alvorleg grad av KOLS til lettare astmaplager.

 

Vi fekk i gang grupper i seks kommunar. Mosjonsleiarane blei gjennom eit kurs skulert til å sette brukarane i fokus og programmet i dei lokale mosjonsgruppene har difor blitt lagt opp i nært samarbeid med dei.

 

Mosjonsdagboka har vore ein god motivasjon for deltakarane. Dei noterte ned ein tur pr. dag i perioda dei var med i prosjektet. På slutten av fjoråret blei mosjonsdagbøkene innlevert.

Kvar tur tel som eit lodd. Mange flotte gåvepremiar blei fordelt.

 

Prosjektet blei i november avslutta med samling for alle mosjonsgruppene .Vi har brukt evalueringsskjema i alle deler av prosjektet. Behovet for mosjonsgrupper spesielt retta mot personar med lungeproblem er ikkje så stort som vi har trudd. Mange som ikkje femna om målgruppa hadde lyst å vere med. Det er behov for slike grupper i organisasjonane men i framtida må desse vere opne for alle som har lyst, ikkje berre for personar med lungeproblem.

 

Vi er to organisasjonar som samarbeider om dette tilbodet. Dette har for det meste fungert bra og vi ser føre oss eit samarbeid også i det vidare arbeidet med å etablere gruppene som eit fast tilbod.

Prosjektleder/forsker

Lisbeth Svendsen Søvik

Detaljer
Program
Rehabilitering (2001)
Prosjektnavn
Mosjon, mestring, trivsel (MMT)
Organisasjon
Norges Astma- og Allergiforbund
Beløp Bevilget
2002: kr 550 000
Startdato
01.03.2002
Sluttdato
01.03.2003
Status
Avsluttet