Sluttrapport
Sluttrapportsammendrag
Føremålet med førprosjektet har vore å legge til rette for realisering av framtida sin møteplass for menneske med funksjonstap
Føremålet med førprosjektet har vore å legge til rette for realisering av framtida sin møteplass for menneske med funksjonstap, kroniske sjukdommar og lidingar, deira pårørande og hjelpepersonell – kalla Nikodemusstova. Hovedprosjektet heiter ”Realisering av Nikodemusstova”, skal vere eit samarbeid mellom alle lokale lag og organisasjonar for desse målgruppene og skal starte opp vinteren 2002. Nikodemusstova skal på sikt drivast av frivillege medarbeidarar, bygt på likemannsprinsippet. Folk skal kunne komme til Nikodemusstova og få informasjon, ubetalt omsorg og sørvis av andre i liknande situasjon. Nikodemusstova skal ligge sentralt og lett tilgjengeleg i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane og vil også verte eit lokalt brukarkompetansesenter.
Førprosjektet har på ulike måtar prøvd å nå ut til ”folket” med prosjektidéen, og prøvd å forankre prosjektet best mogleg lokalt. Gloppen Høyrselslag tok alt i 1998 initiativ til å skape Nikodemusstova saman med Gloppen lag av LHL, Gloppen Diabeteslag, Gloppen Revmatikarforening og Norges Handikapforbund Gloppen, men prosjektet inkluderer alle lokale organisasjonar for desse målgruppene. Sjølv om mange har støtta idéen, har førprosjektet vore inne i fleire kritiske fasar. Det er ei stor utfordring å få så mange frivillege til å trekke saman, når både vegen og målet er ukjend. Førprosjektet har staka ut ein veg å gå, der prosjektleiar, samanrislingstiltak, dataopplæring, likemannskurs og samarbeidsskulering er viktige stikkord for å få realisert Nikodemusstova over tre år. Ved førprosjektslutt er vi likevel komne der vi berre hadde våga å drøyme om: Vi er klare for realisering!