Offentleg konsert med gjesteartister.

Søknadssammendrag

1. The Jokers er ei musikkgruppe beståande av 7 ungdommar med utviklingshemming frå 13 til 43 år. Dei er elevar i Bømlo musikk- og kulturskule, samt medlem i Dissimilis Norge. Gruppa vart etablert i 2009, og har sidan då vist at dersom menneske får muligheiter i livet så gjev det resultat!
The Jokers har speleoppdrag kvar månad, både på Bømlo og utanfor bygda, og har allereie opparbeidd seg ein stor popularitet.


2. «Me kan!» viser at: me kan lage ein offentleg konsert, me kan invitere gjesteartistar, me kan fylle stolane i salen.
Me kan gjere som alle andre, dersom me får muligheit!
Målsetjinga med dette prosjektet er ei vidareutvikling av The Jokers opplevingsreise, og å skape noko på linje med andre grupper i kulturskulen. Totalt skal dei kunne 16 låtar på repertoaret for å klare å gjennomføre konserten.

3. Målgruppa er psykisk utviklingshemma barn og unge. På publikumssida har The Jokers nådd heile spekteret i samfunnet frå barn, unge, middelaldrande og gamle med sin musikk og speleglede. Me ser at samfunnet er opptekne av integrering og inkludering! Me håpar at The Jokers kan stimulere andre til å skape fleire kulturtilbod for utviklinghemma.

4. Arbeidsgruppa rundt The Jokers er foreldre og lærarar til medlemmane.
Me jobbar i kulissane, driv organisering, henter inn gjesteartistar, teknikk, PR, sponsorar, leigeforhold, og mykje meir.

5.Betydinga av prosjektet er stort! Det å skape og å arbeide målbevisst er viktig for kvart eit individ.

6. Dato for konserten ME KAN! vert 21.09 2013. i Bømlo kulturhus.

Sluttrapport

Sluttrapport/artikler (pdf)

Sluttrapport_2012_1_0067.pdf

Prosjektleder/forsker

Wenche Tveit

Detaljer
Program
Forebygging (2012)
Prosjektnavn
Offentleg konsert med gjesteartister.
Organisasjon
Dissimilis Norge
Beløp Bevilget
2013: kr 65 000
Startdato
01.01.2013
Sluttdato
31.12.2013
Status
Avsluttet