Padleglede/inkludering av funksjonshemma

Søknadssammendrag

1. Bakgrunn for prosjektet

Nordhordland Padleklubb vart invitert til eit samarbeid med kommunane i Nordhordland med formål å gje eit aktivitetstilbud for fuksjonshemma. 8 søndager i perioden februar til april 2011 gjennomførte 10 funksjonshemma med støttekontakt nybyrjarkurs i padling, totalt 16 timer.

Det vart lagt ned eit omfattande dugnadsarbeid av fleire medlemer i klubben. Vi lånte kajakker sidan klubben sjølv ikkje hadde tilstrekkeleg tal kajakkar og for lite eigna kajakker til målgruppa.

Dei funksjonshemma, med sine ulike diagnoser, har no vorte trygg på oss og kvarandre og gler seg til å vere med oss på sjøen.

Kursinga av friskusane er evaluert av bestillarane (kommunane) og dei er særs nøgd med gjennomføringa og ynskjer at me arrangerer nytt kurs for ei nye gruppe friskusar våren 2012.

2. Målsettinga

Storparten av «friskusane» kjem no fast kvar onsdag og er med og padler med oss. Støttekontaktane deira kjem også. Fleire av desse «friskusane» har nedsett motorikk. For best mogeleg sikkerhet og utbytte ville det vore ein stor fordel med fleire 2 – mannskajakker. Det er også behov for tørrdrakter i den tida det er kaldt i vatnet (nesten heile året) og våtdrakter til den varmaste tida på året. Me må innrømma at me har elendige forhold for å ta imot funksjonshemma. Det einaste me har er eit enkelt naust utan straum og tilkomsten er bratt og kupert. Men ein god porsjon hjertevarme og pågangsmot hjelper på. Likevel ser me at eit sanitæranlegg er akutt nødvendig for å kunne halde fram med integreringa. Allereie etter 2-3 onsdager saman med friskusane har det oppstått fleire nedverdigane tilfeller i forbindelse med «do-besøk» ved alles påsyn.

Målsettinga er altså å kunne halde fra med integreringa av funksjonshemma i klubben vår.

3. Målgruppe for prosjektet

Funksjonshemma som i utgangspunktet er i aldersgruppa 15 -30 år.

Prosjektet vårt har vakt stor oppsikt i lokalpresse, i Nordhordlandskommunane og blant tilsette ved Hordaland Idrettskrets. Dette kan bekreftast av Anne -Kristine Aas og Merethe Skadal ved Hordaland Idrettskrets.

4. Beskrivelse av gjennomføring

16 timers kurs i padling (grunnkurs hav) gjennomført i basseng for funksjonshemma (friskuser). Etter gjennomført kurs får deltakarane våtkort / kursbevis.

Etter kurset våren 2012 er planen at den nye pulja med friskuser skal vere med oss på sjøen kvar onsdag evt søndag, altså vår ordinære padleaktivitet på sjø. Det er her vi treng meir utstyr (som omtalt tidlegare).

Kurset er tenkt som ein årleg sekvens for nye grupper og derpå integrert i vår ordinære aktivitet som ordinære medlemer. Det er i 2012 storparten av kostnadane kjem, difor så høg sum i 2012.

5. Prosjektets betydning

Stor betydning for deltakarane og deira pårørande. Denn gruppa har frå før lite fritidstilbod og fleire gitt oss tilbakemelding på at dette er viktig fysisk aktivitet for dei funksjonshemma og flott nettverksbygging. Forebygging av fedme og fedmerelaterte sjukdomer står også sentralt her.

6. Framdriftsplan 2012

TILTAK
Januar

Ingen aktivitet

Februar – april

Kursing i basseng

(bassengleige,kursing,klargjering og opprydding, transport)

Mai :

Innkjøp brakkedo, tørrdrakter,

våtdrakter og kajakker.

Juni :

Innkjøp av kajakkhenger

Sluttrapport

Sluttrapport/artikler (pdf)

Sluttrapport_2011_1_0293.pdf

Prosjektleder/forsker

Kristin Sommerschild

Detaljer
Program
Forebygging (2011)
Prosjektnavn
Padleglede/inkludering av funksjonshemma
Organisasjon
Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité
Beløp Bevilget
2012: kr 250 000
Startdato
01.01.2012
Sluttdato
31.12.2012
Status
Avsluttet