Sluttrapport
Sluttrapportsammendrag
[Klikk her og skriv inn sammendraget]
I desember 2007 fekk LHL-Radøy spørsmål frå LHL sentralt, om å overta eit prosjekt ein hadde søkt få til i Oslo. Prosjektet var retta mot kvinner med innvandrarbakgrunn, og prosjekttema var felles matlaging, med fokus på sunn kost og praktisering av norsk.
Sidan me i BIKUBE-prosjektet vårt hadde planer om å få til matkulturelle treff i kommunen, men ikkje rakk det i sluttåret 2007, kunne me godt tenkja oss å få prøva ut planane om eit mat- og norskprosjekt.
I kommunen vår er det kvinner som kjem frå fleire land i Afrika, samt Kina, Bosnia, Thailand, Mali, Polen, Bulgaria, Russland og Kasakhstan. Me visste at det er viktig å involvera dei i lokalsamfunnet, og gjennom eit matlagingskurs kunne me lett utveksla kultur, matrettar og gode råd.
Målet for prosjektet ligg i namnet : ”Praktisk norsk over grytene” viser til både det å læra norsk, og å dela kunnskap og matglede saman. Frå arbeidet med ”Bikuba” hadde me avtale om gratis bruk av Gamle Doktargarden. Her starta me opp i januar 2008. Tolv kvinner deltok, og det vart vektlagt både norske og internasjonale rettar. Gjennom det praktiske arbeidet, kom det fram ynskje om eit oppskriftshefte, og det skal lagast. Kursleiar og prosjektleiar deltok på matgledekurs i LHL sin regi februar /08. Det me lærte kom til stor nytte for prosjektet.
Hausten 2008 kom me noko seinare i gang enn planen var. Av ulike grunnar tok det lengre tid å samla kvinnene enn forventa. Dei var avhengig av buss og budde i forskjellige grender i Radøy. Etter mykje om og men, la me den praktiske utføringa til mandagar. Då hadde dei norskundervisning og kunne gå rett på skulekjøkkenet for matlaging etterpå. Me hadde også ein betre kontroll med frammøte. For å få avrunda matkurset på skikkeleg vis, vil me halde fram med kursdagar våren 2009
Prosjektgruppa opplever dette som eit godt tiltak, samlande og positivt for dei som er med. Me er og overbeviste om at det utviklar både tryggleik og tillit oss kvinner i mellom.