Smiil

I samarbeid med

Sluttrapport

Sluttrapportsammendrag

[Klikk her og skriv inn sammendraget]

SMIIL er eit nærmiljøprosjekt for funksjonshemma, kronisk sjuke og pårørande. Prosjektet har hatt som mål å skape ein god møteplass som styrker glede og oppleving av meistring.

 

SMIIL som står for Styrke, Meistring, Inspirasjon, Inkludering og Livskvalitet, har værtutgangspunktet for ulike aktivitetar der både medlemmer og ikkje-medlemmer har samla seg fleire gongar i veka. SMIIL er eit 2-års-prosjekt år 2004-2006. Prosjektet er eit samarbeid mellom LHL Tysvær og Bokn og Tysvær kommune sin Aktivitet og trivsel på Tysværtunet aktivitet- og omsorgssenter. På samlingane er det folk både frå eldreinstitusjonen, service-bustadene og heimebuande ulike delar av kommunen. Målgruppa har vore vaksne som av ein eller annan grunn er sett ut av arbeidslivet. Tilbodet er ope for alle. Vi trur på mangfaldet.

 

Mellom 20-90 menneske i alderen 20 til 90 år har malt bilete i akryl og akvarell, malt på porselen, laga glasfat og smykke, deltatt på songkveldar med påfølgjande kveldsmat, deltatt på trim og gått turar i lag. Prosjektet har blitt integrert i LHL Tysvær og Bokn sitt arbeid i lokalmiljøet.

 

Midler til vidare drift etter prosjektperioden får vi ved sal av produkt frå hobby-gruppa/loddsal/festar. SMIIL har ført fram til at LHL-senteret Regnbuen blei opna 25. november 2006. Regnbuen er ein stad for tilhørighet, oppleving, nettverk, kurs- og aktivitetar, informasjon for å meistre ny livssituasjon. Vi har laga ein brosjyre som ligg på legesentra, apotek, bibliotek, sjukehuset og er sendt ut til alle medlemmer i LHL Tysvær og Bokn.

Prosjektleder/forsker

Tove Høgemark

Detaljer
Program
Rehabilitering (2004)
Prosjektnavn
Smiil
Organisasjon
Landsforeningen for hjerte- og lungesyke
Beløp Bevilget
2005: kr 205 000, 2006: kr 52 000
Startdato
05.01.2005
Sluttdato
15.12.2006
Status
Avsluttet