Sommarsamling 2010

I samarbeid med

Søknadssammendrag

1. Sogn og Fjordane er ei forening med totalt 32 hjertebarn, og i alt 91 medlemmer.

I løpet av året har vi to samlingar; årsmøte i februar og sommarsamling i juli/august. Her gjev vi viktig informasjon til foreldre med tanke på utvikling innan hjertekirurgi, tannhelse, trygderettigheter, hjertebarn og søsken etc. For hjertebarna og søsken har vi forskjellige aktiviteter som bading i oppvarma svømmebasseng, idrett og friluftsliv. Dette gjev økt trivsel og bedre sjølvbilde. I og med at alderen på hjertebarna er i frå 2 år til 18 år varierer vi aktivitetane ut i frå alder. Spesielt kjekt er det for hjertebarna våre å treffe andre som har vore gjennom mykje av det same, og oppleve samhald og fellesskap.

På grunn av store avstandar i fylket vårt blir det på samlingane lagt opp til overnattinger. På årsmøte ligger vi på hotell, og på sommarsamlingane ligger vi på campingplass.

2. Vår målsetting er å kunne tilby veiledning og støtte til familier med hjertebarn. Slike familier står overfor store utfordringer både heime, i barnehagen og på skulen. Utfordringar som familier med friske barn er ukjente med. Hovudmålet vårt er å ha ei forening som skal vere prega av eit positivt fellesskap der alle med hjertesjuke barn kan kjenne samhald. For å kunne nå ut med dette til medlemmane våre, inviterer vi dei til samlingar der ein kan få fagleg påfyll, og stille spørsmål på det ein lurer på. Foredragsholderane på samlingane er til dømes legar og andre fagpersonar.

3. Målgruppa er i hovudsak hjertebarna. At dei skal få treffe andre med arr på brystet. Samtidig er det like viktig at foreldre blir oppdatert og informert, spesielt når det gjelder hjertekirurgien. Utviklinga innan dette området går veldig raskt, det er derfor greit å ha dette emnet ca en gang for året.

4. Å treffe andre hjertebarn vil føre til auka sjølvbilde og auka sjølvtillit.

5. I skrivande stund er styret i full gang med å organisere sommarsamling for i år. Når dette er unnagjort blir det å planlegge årsmøte for februar 2010, og deretter sommarsamling juli/august 2010. Som inntekt til å dekke samlingane har vi vårlotteri, stand på hjertesjuke barn sin dag og eigenandel som medlemmane betaler inn etter samlingane. Dette er dessverre ikkje nok til å dekke alle utgiftene, søker derfor om støtte frå Dere.

Sluttrapport

Sluttrapport/artikler (pdf)

Sluttrapport_2009_1_0597.pdf

Sluttrapportsammendrag

Fra lørdag 21. til søndag 22. august arrangerte FFHB Sogn og Fjordane fylkeslag sommar/familiesamling på Gloppen camping, som ligg på Sandane i Sogn og Fjordane.

Samlinga var først bestemt å vere i Sogn men etter å ha sendt ut invitasjonen og ingen sogningar hadde meldt seg på, bestemte styret seg for å flytte samlinga til Sandane. Det vart dessverre familiar som måtte melde fråfall heilt på tampen av forskjellige grunnar, så programmet vart litt amputert.

Vi var 3 familiar som overnatta på campingplassen, samt 2 familiar som kom på dagsbesøk for å få med seg programmet og det sosiale i og med dei budde rundt Sandane-området.

Programmet besto lørdagen av felles lunsj, gårdsbesøk, bading, middag, minigolf og sosialt lag utover kvelden. Gårsdsbesøket var spesielt stor suksess. Alle som ville fekk ri på hester. Ellers var der dyr som sauer, lam, føll, gris og katter. Etterpå venta der heimelaga kaker, vafler og saft.

Familiesamlingar er alltid ein suksess – uansett kor mange vi er. Det at hjertebarna våre får møte andre hjertebarn, ser vi i styret og som foreldre gjere godt for barna våre. Vi bur spredt rundt omkring i fylket, og ofte er der ikkje andre hjertebarn i nærområdet. Det å kunne møtast på slike samlingar og møte andre som seg sjølv og som har den same «stripa» på brystet, gjere godt på bildet av seg sjølv. Då ser og veit hjertebarna våre at her er andre med liknande erfaringar og opplevelsar som ein sjølve har og/eller har hatt.

Prosjektleder/forsker

Irene Sivertsen

Detaljer
Program
Forebygging (2009)
Prosjektnavn
Sommarsamling 2010
Organisasjon
Foreningen for hjertesyke barn
Beløp Bevilget
2010: kr 15 000
Startdato
01.02.2010
Sluttdato
31.08.2010
Status
Avsluttet