Sosial støtte og psykisk helse

Søknadssammendrag

Populærvitenskapelig prosjektsammendrag

Mange brukarar av psykiske helsetenester slit med samansatte problemstillingar. Personar som erfarar psykiske problem over tid har ofte fleire sosiale problem. Til dømes er dårleg økonomi, lite sosialt nettverk, og einsemd nokre av problema som går igjen. Forsking viser at psykiske problem som depresjon og angst aukar i tråd med mindre sosial støtte. Sosial tilhørighet, og det å motta sosial støtte i form av venskap, praktisk støtte, informasjon og kjærleik veit vi er grunnleggande menneskelege behov. Denne studien vil undersøke kva som kan fremme og hemme sosial støtte i kommunal praksis, samt utforske sosial støtte i to ulike kontekstar, der dei sosioøkonomiske skilnadane er dokumentert store. Psykisk helseteneste hjå to bydelar i Oslo utgjer forskningskonteksten. Studiens hovedmål er å utforske kva som fremmar og hemmar sosial støtte i kommunal psykisk helseteneste. Erfaringar med dette frå brukarar, ansatte og frivillege vil legge grunnlaget for den forskningsbaserte kunnskapen. I tilegg vil ein sjå om det er statistiske skilnadar når det kjem til grad av sosial støtte brukarane av tenestane har i dei to ulike bydelane. Den forskningsbaserte kunnskapen som blir utvikla gjennom dette prosjektet kan bidra til å utvikle tenestene, i form av auka kunnskap om korleis ein kan legge til rette for sosial støtte i praksis, samt identifsere hinder for sosial støtte. Studien har inkludert personar som har eigenerfaring med psykiske helsevanskar frå starten av; frå utvikling av tema og forskingsspørsmål, og til integrering av erfaringskompetanse vidare i prosjektet, gjennom blant anna eigen medforskar med eigenerfaring. Studien er forankra i eit samarbeid mellom Høgskulen i Søraust-Noreg, Mental helse, Oslo kommune, Universitetet i Stockholm og Yale University. Forskingsprosjektet blir gjennomført som eit tre-årig Ph.d.-prosjekt med oppstart januar 2018 og avslutning desember 2020.

Sluttrapport

Bakgrunn, målsetting og metode

Samandrag Bakgrunn Vi veit at sosial støtte er viktig og avgjerande i liva våre. Spesielt viktig er denne støtta når livet er på sitt mest utfordrande, og når vi erfarer psykiske helsevanskar. Eit mangfald av forsking er tydeleg på samanhengane mellom sosial støtte og psykisk helse – dess mindre sosial støtte, dess dårlegare helse, og vice versa. Difor ønska vi å utforske erfaringar og forhold knytt til kva som kan fremja og hemja sosial støtte, i arbeidet med psykisk helse. Studien blei utvikla i samarbeid med folk som har eigenerfaring med psykiske helsevanskar. Hensikta med studien Denne studien søker først og fremst å utforske erfaringar og forhold som kan fremja og hemje sosial støtte, sett frå brukarar, tilsette og frivillige sine perspektiv. Vidare er hensikta å løfte fram korleis støtte skjer, samt politiske og strukturelle forhold som påverkar sosial støtte. Konteksten i forskinga er kommunale psykiske helsetenester i ulike bydelar i Oslo. Metodologi Studien er tufta på samarbeidsbasert metodologi, og har ei kvalitativ orientering. Avhandlingsarbeidet er vidare inspirert av fenomenologiske og hermeneutiske filosofiar. Metodar for dataskaping har vore fokusgruppeintervju og deltakande observasjon. I analyseprosessen har vi nytta tematisk analyse, etnografisk fortolking og poesi som analysemetode og verktøy.

Sammendrag

Gjennomføringa av prosjektet gikk føre seg i tre ulike bydelar i Oslo, der stipendiaten og medforskar gjorde 7 fokusgruppeintervju ved ulike treffstadar innan kommunal psykisk helseteneste. Vidare gjorde vi, og i hovudsak stipendiaten, deltakande observasjon ved to sosiale møteplassar knytt til teneste for psykisk helse i to bydelar. Vi justerte metodar for dataskaping til å omfatte fokusgruppeintervju og deltakande observasjon, og forlot den opprinnelege planen med å i tillegg gjere spørjeundersøking. Dette fordi prosjektet slik det utvikla seg tente mest på å fokusere meir på den kvalitative tilnærminga.

Resultater og virkninger

Funna i studien er presentert i tre artiklar. Den første artikkelen er ei systematisk kunnskapsutforsking av samanhengar mellom sosial støtte, psykisk helse og betringsprosessar. Den andre artikkelen presenterer domenediskusjonar knytt til deltakarane sine perspektiv om kva som kan fremja og hemja sosial støtte. Funna i artikkel to løftar fram temaene: (1) kvaliteten og sårbarheita knytt til sosial støtte (a) levd erfaring, gjensidigheit og forståing b) «ghosting» og skam (2) forhold som fremjar sosial støtte (a) stabile miljø og rom for mangfald (b) sosial rytme og helande ritual (3) forhold som hemjar sosial støtte (a) økonomiske barrierar og (b) sosiale utfordringar i samtidskulturen. Studiens tredje artikkel utforskar vidare forhold som kan fremja og hemje sosial støtte. Denne studien løftar fram funn i to poetiske hovudvers, basert i både fokusgrupper og deltakande observasjon: (1) det som blomstrar og (2) det som visnar. Funna i den siste artikkelen går djupare inn i fenomenet sosial støtte, og gir ein annan inngang til levekår, støtte og psykisk helse. Funna i avhandlinga peiker mot at tenestene må utvikle stabile møteplassar og ein meir progressiv sosialpolitikk.

Avhandling

Bj��rlykhaug_2021_Endelig_OsloMet.pdf

Vitenskapelige publikasjoner og innsendte manuskript (siden oppstart)

Nordic Journal of Art, Culture and Health

Prosjektleder

Knut Ivar Bjørlykhaug

Hovedveileder

Bengt Karlsson

Detaljer
Program
Forskning (2017)
Prosjektnavn
Sosial støtte og psykisk helse
Organisasjon
Mental Helse
Org.ledd
Høgskolen i Sørøst-Norge, Fakultet for helse- og sosialvitenskap
Beløp Bevilget
2018: kr 710 000, 2019: kr 730 000, 2020: kr 755 000
Startdato
02.01.2018
Sluttdato
09.11.2021
Status
Avsluttet