Styrking av brukardeltaking

I samarbeid med

Søknadssammendrag

Bakgrunn:
Det er i dag aukande forståing for nytten av brukarinvolvering i kvalitetsforbetring av helsetenestene. Ved å involvere brukarar i kvalitetsforbetring aukar sjansen for relevante spørsmål, og gode datasamlingar, løysingar og rapporteringar. Men brukarane må komme tidleg inn i prosessen, og dei må ha naudsynt kompetanse for å få reell påverknad på utforming av mål, innhald og metodar i eit prosjekt. Det trengs systematisk involvering og kompetanseheving av brukarar for å unngå at dei får for liten påverknad. Det vert søkt om midlar til eit praktisk utviklingsarbeid som skal involvere og lære opp brukarar med KOLS (kronisk obstruktiv lungesjukdom) til likeverdig deltaking i kvalitetsforbetring av oppfølgings- og rehabiliteringstenester til denne gruppa.
Helse- og omsorgstenesta står i dag ovafor ei stor utfordring med å imøtekomme behovet for brukarsentrerte, heilskaplege og koordinerte tenester til personar som lever med langvarige helseplager. Nasjonal helse- og omsorgsplan (2011-2015) og Samhandlingsreforma legg vekt på samhandling og brukarmedverknad i tenestene, og på at brukarmedverknad og pasienterfaringar skal få større plass i kunnskapsgrunnlaget for faglege retningsliner. Oppfølgings- og rehabiliteringstenester til personar som lever med KOLS er eit helsepolitisk prioritert område. Vi har ikkje nok kunnskap om pasientane sine behov, utbyte av igangsette tiltak, eller korleis samhandling og

brukarmedverknad vert ivareteke

i rehabilitering

og andre oppfølgingstenester etter innføring av samhandlingsreforma. Det er mangel på brukarinvolvering i praksisnær forsking som del av kvalitetsforbetring av tenester som gjeld denne brukargruppa. Styrking av brukarar til å delta i slikt arbeid er difor eit nytt utviklingsområde i Norge.
Målsetting og målgruppe:
Hovudmålet med prosjektet er å gjennomføre eit kompetansehevingsprogram for brukarar som sjølv lever med KOLS og sikre likeverdig brukardeltaking i utvikling og gjennomføring av eit kvalitetsforbetringsarbeid om

oppfølgingstenester til denne brukargruppa.
Det vert søkt midlar til eit forprosjekt til eit fleirårig prosjekt som skal komme fram til brukarbaserte innspel til operasjonalisering og kvalitetsforbetring av faglege retningsliner for rehabilitering og oppfølging av personar som lever med KOLS.
Gjennomføring og framdriftsplan:
Prosjektorganisering. Prosjektgruppa er sett saman av brukarar, helsepersonell som er involverte i rehabiliterings- og oppfølgingstenester og forskarar.
Opplæringa skal gjennomførast som eit kurs på høgskulenivå over minimum 5 dagar våren 2013. Brukarar si deltaking i utvikling av kvalitetsforbetringsarbeidet skal gjennomførast i heile 2013 i minimum 8 møte i prosjektgruppa.
Nytte:
Prosjektet skal gi likeverdig brukarmedverknad i kvalitetsutvikling av rehabiliterings- og oppfølgingstenester til personar som lever med KOLS.

Sluttrapport

Sluttrapport/artikler (pdf)

sluttrapport PDF.pdf

Prosjektleder/forsker

Anne-Grethe Halding

Detaljer
Program
Rehabilitering (2012)
Prosjektnavn
Styrking av brukardeltaking
Organisasjon
Landsforeningen for hjerte- og lungesyke
Org.ledd
Høgskulen i Sogn og Fjordane
Beløp Bevilget
2013: kr 241 000
Startdato
01.02.2013
Sluttdato
31.12.2014
Status
Avsluttet