Trening for alle
Søknadssammendrag
1. BAKGRUNN FOR PROSJEKTET
Stordal Treningssenter blei oppstarta i 2005 av ei gruppe ildsjeler i idrettslaget. Treningssenteret blir drive på
frivillig basis , dei åtte instruktørane har pr i dag ikkje utbetalt lønn.
Halvparten av treningsavgiften dekkje husleie.
Ellers blir overskuddet brukt til å investere i nytt utstyr.
2. PROSJEKTETS MÅLSETTING
Å utvikle et treningstilbud til alle personer , unge og eldre som ønsker et bedre treningstilbud.
Det skal spesielt appellere til personer som er for lite fysisk aktive og som faller utenfor de ordinære aktivitetstilbudene vi har i kommunen ( langrenn, alpint , fotball, osv. )
3. PROSJEKTETS BETYDNING
For at persona med bevegelseshemminger lettere skal kunne drive opptrening, og rehabilitering vert . treningssenteret flytta ned ein etasje.
Dette vil bety at tilgjengeligheita til senteret blir optimal.
5. FRAMDRIFTSPLAN OG GJENNOMFØRING 2009
Vi har fleire med handikap som må reise til Ålesund eller Valldal for å trene, som gjerne vil trene i Stordal. Derfor er dette i beste ånd.
Rehabiliteringen i år er nødvendig og det er ei fin ansiktsløfting for senteret i nye lokaler.
Stordal er ei lita kommune med knappe 1000 innbyggjarar,
men våre brukara bør ha like gode treningsforhold sammenlikna med byene.
Resultat som ein venter å oppnå er optimale treningsforhold for alle, flere vil komme til å bruke tilbudet.
2009
Det vil bli gjennomført ein marknadsundersøkning
i løpet av hausten.
Resultat og erfaring blir formidla som ett samandrag av markedsundersøkelsen i ettertid.
Det vil også bli lagt en del arbeid i markedsføring av senteret og ein vil kunne dokumentere antall besøkende ved senteret sett i høve til i dag.
Alle brukarar blir registrert. Prosjektet har varig verdi og ein forventas at dette skal vare ut over prosjektperioden som eventuelt blir støtta av Helse og Rehabilitering
Sluttrapport
Sluttrapport/artikler (pdf)
Sluttrapportsammendrag
Prosjektet “trenings for alle” i regi av Stordal Idrettslag hadde som overordna målsetting at treningssenteret skulle bli tilgjengeleg for alle som vil trene. Det er for mange som dett utanfor dei ordinære aktivitetstilboda som fotball, ski og andre friluftsaktivitetar. Vi søkte Helse og Rehab om midlar og sette i gong prosessen med å flytte senteret ned til grunnplan for å gjere tilgangen enklare for alle, og legge til rette for rørslehemma. No heilt på slutten av året, kom dei siste treningsapparata på plass ved Stordal Treningssenter. Prosessen har teke litt lengre tid enn planlagt, ettersom vi framleis driv senteret på frivillig basis og dugnad. Men vi meiner at vi har rusta oss for å takle nye utfordringar, fasilitetane er på plass og vi er kome godt i gang. Senteret er blitt tilgjengeleg for alle som vil trene, og det er lagt stor vekt på at rørslehemma lett skal kome seg til og frå treningssenteret for eiga maskin. Det som står att er å kunne gå ut breiare og markedsføre tilbodet, lage informasjonsmateriell som vi sender ut til alle husstandar. Fram til i dag har “jungeltelegrafen” ordna det meste. Dei som trenar her, hjelper til med å marknadsføre senteret til andre. Vi har hatt auke i medlemstalet, og stadig fleire binder seg for heile året og betaler med autogiro.
Vi vil vidareutvikle samarbeidet med fysioterapeutane som har tilhald vegg i vegg med treningssenteret, slik at dei hjelper endå meir til med veiledning på apparata på dagtid. Då kan fleire fortsette med trening, også etter at dei har vore til fysikalsk behandling.
Til slutt vil vi nemne at vi trur vi framleis kan gjere endå meir for dei som er for lite fysisk aktive, men som seier at dei gjerne vil kome i gong med trening.