Trim for enslige i Leikanger

Søknadssammendrag

Bakgrunnen for prosjektet er at det under pandemien er fleire eldre som har blitt meir isolert og ikkje kome seg ut på trening og andre aktivitetar.

Målsettinga er først og fremst å trene med einskildpersonar heime for å auke styrke og betre helsa. I tillegg vil vi samle gruppene ein til to gonger til mat og sosialt samver for at dei skal få betre kosthald.

Målgruppa er eldre heimebuande som har vanskeleg for å kome seg ut sjølve.

Metoden er at ein erfaren trenar skal reise heim til den einskilde og drive med trening med strikk ein gong i veka over 8 veker. Det vert testing av deltakarane før og etter treningsperiodane. Prosjektgruppa vil syte for transport til deltakarane til fellessamlingar.

Tidsplanen er sett opp slik at første gruppe er ferdig før jul i 2021. Treningsperioden for dei 3 andre gruppene vert ferdig til 24.06.2022. Prosjektgruppa vil gå gjennom resultata og lage rapport som skal vere ferdig før 01.09.22.

Forventa resultat er at deltakarane skal få betre helse og vere i stand til å bu heime lengre. Vi trur også treninga vil inspirere til meir eigentrening og at kommunen vil legge til rette for spesialtilpassa treningsgrupper. Effekten vil då vare langt ut over treningsperiodene.

Prosjektleder/forsker

Finn Arne Sundby

Detaljer
Program
Frivillighetens program for besøk og aktivitet for sårbare eldre
Prosjektnavn
Trim for enslige i Leikanger
Organisasjon
Pensjonistforbundet
Beløp Bevilget
Kr 160.000
Startdato
17.09.2021