Trim og trivsel ved Bångråttjønn

I samarbeid med

Søknadssammendrag

Bakgrunn: LHL Skjåk ynskjer i samarbeid med Dønfoss Vel å byggje ein turstig rundt skogstjernet Bångråttjønn og leggje til rette for trimaktivitet på og langs stigen. Dette fordi det er eit sterkt ynskje i bygda om å byggje ein turstig rundt tjernet for å gjera naturområdet meir tilgjengeleg for brukargrupper med funksjonshemming og svekka helse.

Bygdefolket ynskjer eit lett trimalternativ som høver særleg godt for desse brukargruppene, men som og vil vera til nytte for alle andre som måtte ynskje eit slikt trimtilbod.

Det er alt synt stor dugnadsånd for å få ting gjort rundt Bångråttjønn.

Det er laga bålplass og gapahuk i området som i tillegg til trimaktiviteten vil gi rom for sosialt samvær i trivelege omgjevnader.

Målet med prosjektet er å bidra til folkehelsearbeidet i bygda ved å byggje turstig rundt Bångråttjønn og legge til rette for trimaktivitet på og langs stigen.

Landskapet er lett kupert, og ved å utvide parkeringsplassen i området og byggje turstig med fast dekke vil alle grupper – også rullestolbrukarar og dei som er avhengig av å bruke rullator – kunne nytte denne turstigen.



Målgruppa for prosjektet er dei som på grunn av svekka helse og funksjonshemming treng eit lett trimtilbod sentralt i bygda. Ein tenkjer særleg på hjarte- og lungesjuke og andre med kronisk sjukdom, men og på dei som er avhengige av å bruke rullator og rullestol. Sjølvsagt vil andre og kunne nytte turstigen.

Gjennomføring: Ei prosjektgruppe på fire personar får ansvaret for gjennomføring av og for å informere om prosjektet. Ein entreprenør er sentral i utbygginga og vil stå for anleggsarbeidet. Både før og etter at maskinane har gjort sitt arbeid må det til stor dugnadsinnsats for å pynte opp og leggje til rette for trimaktivitet.

Når turstigen står ferdig gruslagt med tunnelmasse som blir komprimert til jamn fast overflate, vil ein kunne gå (med og utan stavar), jogge, bruke rullator, køyre rullestol eller sykle.

For dei som ynskjer større krav til trimintensitet skal det lages en hinderløype med rullesteinar og ryddast småbakkar langs stigen for å legge til rette for intervalltrening.

Til slutt vil det bli sett opp tavler med opplysningar om blant anna fugle-, plante- og dyreliv i området.



Prosjektets betyding: Prosjektet vil føre til positiv utnytting av eit vakkert naturområde og vil derfor bidra til styrking av folkehelsa, særleg for grupper med spesielle behov på grunn av sjukdom (hjarte- og lungesjuke og andre kronisk sjuke) og funksjonshemming.

Gapahuk og bålplass gjev i tillegg rom for sosialt samvær i naturskjønne omgjevnader, og informasjonstavler fører meir kunnskap ut til brukarane. For alle grupper som nyttar området – det gjeld også badegjestar – blir det trygt å koma seg unna riksveg 15 som har stor og aukande trafikk.

Framdriftsplan: Vår og sommar 2014: Dugnadsarbeid for å rydde skog før gravearbeidet tek til. Utvide og forbetre eksisterande parkeringsplass, laga veg til dam, byggje dam og laga turstig rundt tjernet. Hausten 2014: Leggje dekke på adkomstveg til dam, parkeringsplass og turstig. Leggje til rette for trimaktivitet langs turstigen og setje opp tavler med informasjon.

Sluttrapport

Sluttrapport/artikler (pdf)

Sluttrapport-Trim og trivsel ved Bångråttjønn.pdf

Prosjektleder/forsker

Per Steinar Løkken

Detaljer
Program
Rehabilitering (2013)
Prosjektnavn
Trim og trivsel ved Bångråttjønn
Organisasjon
Landsforeningen for hjerte- og lungesyke
Beløp Bevilget
2014: kr 275 000
Startdato
02.04.2014
Sluttdato
31.12.2015
Status
Avsluttet