Trivsel.net/syk

I samarbeid med

Sluttrapport

Sluttrapportsammendrag

Sidan forsking viser at fysisk aktivitet og riktig kosthald er gunstig for kronisk sjuke, er det eit viktig poeng å gje sjuke

Sidan forsking viser at fysisk aktivitet og riktig kosthald er gunstig for kronisk sjuke, er det eit viktig poeng å gje sjuke eit tilbod om å auke kunnskapen om fysisk aktivitet og kosthald og oppfølging av gjennomføring av aktivitet. Fleire og fleire får tilgang til internett og det bør vere tenester tilgjengeleg som kan hjelpe kronisk sjuke når dei søker etter å auke kunnskap om fysisk aktivitet og kosthald for sjukdomen sin.

 

Overordna mål med prosjektet har vore å gje kronisk sjuke lett tilgjengeleg og kvalitetssikra informasjon, kunnskap og rettleiing i bruk av fysisk aktivitet og kosthald for å betre funksjonsevne og auke livskvalitet.

 

Gjennomføring av prosjektet bestod av å hente inn vitskapeleg basert informasjon om fysisk aktivitet og kosthald for kroniske sjukdomar, bearbeiding av denne, publisering og presentasjon på ein forståeleg måte for brukarane. Brukartesting vart gjennomført for å sikre at sida fungerte for brukarane.

 

I prosjektet føler vi at vi har greidd å innhente, bearbeide og publisere kunnskap om fysisk aktivitet og kosthald som rehabilitering for kronisk sjuke, samt generelle treningsprogram på internettenesta www.trivsel.net/frisk. Vi har også klart å lage enkle treningsprogram for styrke, uthald og rørsletrening og funne fram til enkel kosthaldsteori, generelle kosthaldsråd og kosthald knytt til trening. Vi har gjennom brukartesting også sikra oss at brukarane har fått ei teneste som har gitt meining for dei.

 

Vi føler at vi har nådd det overordna målet med prosjektet, men meiner at www.trivsel.net/frisk bør driftast for å kunne innehalde den til ei kvar tid beste informasjonen for brukarane. Vi ser også mogelegheiter for personaliserte tenester for den einskilde og for større brukargrupper som ulike brukarorganisasjonar og det offentlege.

Prosjektleder/forsker

Jo Inge Gåsvær

Detaljer
Program
Rehabilitering (2003)
Prosjektnavn
Trivsel.net/syk
Organisasjon
Landsforeningen for hjerte- og lungesyke
Org.ledd
Idrettssenteret AS/Vestlandsforskning
Beløp Bevilget
2004: kr 655 000
Startdato
01.01.2004
Sluttdato
31.12.2004
Status
Avsluttet