Volleyball for alle

Søknadssammendrag

Førde VBK er ein av landet største volleyballklubbar, og vi satsar både i breidde og elite. For rekrutteringa er det viktig at dei ynste har eit like godt tilbod som dei eldste. Dette innebærer at vi satsar stor på trenarutdanning. Fysisk aktivitet er sunt for psykiskhelse, med dette i tankane har klubben har hatt eit ønske om å gje eit tilbod til born og unge ved asylmottaket. Vi ønsker å vere med å legge til rette for eit breiare fritidstilbod for ei utsett gruppe, samstundes som vi har eit ønske om å inkludere desse i volleyballmiljøet i Førde.

Frå hausten 2009 har vi hatt eit prøveprosjekt, der vi har gjeve eit volleyball tilbod til born og unge ved asylmottaket i Førde. I denne prøveperiode har dette vore eit kostnadsfritt tilbod til denne gruppa. Vi har opplevd dette forprosjektet som veldig positivt, både for deltakarane

og for dei øvrige medlemmane i klubben. Det har vore eit lavterskel tilbod for born og unge ved asylmottaket, ingen krav om volleyballerfaring for å vere med. Om lag 30 stykker har vore med, og klubben har stilt ein trenar til disposisjon ein kveld i veka. Vi søkjer midlar frå stiftinga helse og rehabilitering for å kunne vidareføre prosjektet.

Vidare plan er å auke opp til to treningskvelder i veka. Det er viktig at dette er eit kostnadsfritt tilbod framover også. I prøveperioden vart treningsavgifta til denne gruppa subidiert av klubben. Ved ei vidareføring, samt ei utviding av tilbodet til to kveldar har klubben behov for midlar til å dekke halleige, trenar og utstyr. Vi har og ønske om å utvide tilbudet til å gjelde sandvolleyball. Dette vil mest truleg ha oppstart år 2 eller 3 i prosjektet.

Vi vil gje eit

tilbod til dei som ønsker å delta. Vi reknar med at tal deltakarar vil ligge på omlag 30 i prosjektperioden ut frå innbyggartal i kommunen og tal asylsøkarar. Vi erfarte i prøveprosjektet at omlag 30 deltakar er eit fornuftig nivå, både med tanke på etterspurnad og kvalitet i oppfølginga frå klubben si side. Vi tenker i midlertid at det ikkje er dei same 30 som er med i heile perioden. Tanken er at dei deltakarane som ønsker å satse vidare med volleyball vert rekruttert inn til aktuell årsklasse eller divisjon.

Klubben planlegg i samarbeid med Norges volleyballforbund å tilsette ein utviklingskonsulent med bakgrunn frå barne og ungdomspsykiatri. Om lag 10% av stillinga er tenkt inn mot denne gruppa med vekt på basis volleyballopplæring og integrering.
For å rektuttere born og unge ved asylmottaket til volleyballmiljøet vil utviklingskonsulent nytte både skule og asylmottak som kontaktpunkt. Personen som innehar denne stillinga er viktig for å sikre framdrift i prosjektet. Målet er å etablere et nettverk med en kontaktperson blant alle barne og ungdomskular i førde samt asylmottaket og Førde Norsksenter. På denne måten vil prosjektet kunne halde fram også etter dei 3 første åra. Målet med prosjektet er at så mange som mulig med innvandrerbakgrunn held fram som vanlige medlemmar i klubben etter prosjektslutt.

Sluttrapport

Sluttrapport/artikler (pdf)

Sluttrapport_2010_3_0313.pdf

Prosjektleder/forsker

Tor Kristian Kvammen

Detaljer
Program
Rehabilitering (2010)
Prosjektnavn
Volleyball for alle
Organisasjon
Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité
Beløp Bevilget
2011: kr 125 000, 2012: kr 125 000, 2013: kr 125 000
Startdato
01.01.2011
Sluttdato
31.12.2013
Status
Avsluttet