Yoga for hjarte- og lungesjuke

I samarbeid med

Søknadssammendrag

Bakgrunn:
Selje kommune ligg vêrhardt til og med Stadhavet som næraste nabo. Vêret er svært ustabilt

med mykje vind og nedbør. Mange små bygder med bakke opp og bakke ned, gjer at mange gruar for å gå ut og trene jamleg. Har ein i tillegg fått ein diagnose som hjarte eller lungesjuk, er lista for å gå ut ofte enda høgare. LHL Selje har både treningskveld og seniordans. Såleis har vi aktivitet for mange som hører til vår pasientgruppe. Likevel ser ein at mange med hjarte og lungeproblem, slit med høgt blodtrykk og angst i tillegg til andre sjukdomsteikn. Prosjektet yoga for hjarte- og lungesjuke ønskjer å gje folk ein enkel måte å kome i gang med trening på, og som igjen kan motivere til meir fysisk aktivitet, samtidig som personar med forskjellige diagnosar kan møtast.

Målsetting: Målet med prosjektet er å prøve ut yoga som treningstilbod til hjarte- og lungesjuke i Selje kommune. Hensikta er at deltakarene skal kome i lag og ha ei treningsform som alle føler dei kan meistre og slik at dei får ein betre kvardag og dermed betre livskvalitet.


Målgruppe: Målgruppa er i hovudsak hjarte og lungesjuke i Selje kommune, men deltakare frå omkringliggande kommunar er også velkomen til å delta i tilbodet.

Gjennomføring
Treningsgruppene samlast ein gong kvar veke. Kvar trening vil vare ca. 1 time. Det vil bli ei stund med sosialt samvær i forkant av øvingane. Det å vere i lag med andre som har same problem og som evnar å forstå kva ein slit med i kvardagen

er noko som nesten er like viktig som sjølve øvingane for enkelte. Når øvingane tek til, vil kvar deltakar få tildelt stoler eller matter på golvet og ein plass i lokalet. Det er ein profesjonell som har ansvar for instruksjonane og som snakkar deltakarane gjennom øvingane og hjelper kvar enkelt. Sidan dette opplegget er tilrettelagt for deltakarar med ein hjarte- og/eller lungeliding, vil ein også ha ein medinstruktør som kan vere med å hjelpe deltakarane og instruktøren gjennom øvingane. Deltakarar som ynskjer og vere medinstruktørar, vil få tilbod om kurs. Vi vil og legge opp til at kommunelegen vert med enkelte gonger for å kunne svare på spørsmål og kome med råd undervegs. For å sjå korleis treninga fungerer ynskjer vi å lage eit enkelte skjema som deltakarane kan fylle ut annankvar måned og oppbevare sjølve, og som vi kan lage ein statistikk på når året er omme. Ved oppstart av prosjektet vil ein med deltakarane sitt samtykke også måle blodtrykk og puls før ein tek til på yogaøvingane. Ein ser føre seg å gjenta desse målingane 4 gongar i løpet av året. Dette for å kunne føre ein statistikk over korleis yoga som treningsform påverkar hjarte- og lungesjuke. Når ein har resultata i desember, vil ein føre ein statistikk over eventuelle endringa hos deltakarane. Alt dette vil sjølvsagt vere anonymt. Prosjektet vil og lage eit enkelt instruksjonshefte som deltakarane kan ta med heim for å gjera øvingar der. Når dei er trena i yoga er det ein fin måte å slappe av på, dersom dei greier dette på eiga hand. Informasjon om tilbodet vil LHL Selje spreie til alle sine medlemmer, samtidig som vi vil informere om det i lokalpressa og ved oppslag. Kommunelegen vil og informere om tilbodet.
Prosjektets betyding
Prosjektet ynskjer å vise at yoga er ein god og enkel måte å trene på, og at treninga kan vere aktuell for dei aller fleste hjarte- og lungesjuke i Selje kommune. Vi trur også at vi gjennom vårt prosjekt kan inspirere andre lokallag til å starte opp med same tilbod i andre kommunar.
Gjennom å utdanne fleire instruktørar kan vi styrke muligheita til å føre tilbodet vidare etter prosjektslutt. Fleire instruktørar vil og gjere det mogleg å starte opp fleire grupper. Ein ser ikkje bort frå at andre pasientgrupper etter kvart kan få del i tilbodet.
Framdriftsplan
Ein tek sikte på at prosjektet tek til medio januar 2013 med samling 1 gong i veka med enkelte unntak som helg og ferier. Før oppstart vil vi informere grundig om tilbodet. Målingane som er skissert vil bli gjort ved oppstart, i mai, i august/september og i desember. Ved avslutninga av prosjektet vil det bli levert en sluttrapport.

Sluttrapport

Sluttrapport/artikler (pdf)

Sluttrapport-Yoga for hjarte- og lungesjuke.pdf

Prosjektleder/forsker

Marita Aarvik

Detaljer
Program
Rehabilitering (2012)
Prosjektnavn
Yoga for hjarte- og lungesjuke
Organisasjon
Landsforeningen for hjerte- og lungesyke
Beløp Bevilget
2013: kr 100 000
Startdato
01.01.2013
Sluttdato
31.12.2014
Status
Avsluttet