Aktiviteter i Vadheim
Søknadssammendrag
Smitteverntiltak har ført til reduserte aktivitetar for eldre og gjort dei meir isolerte. Det er viktig at møteplassar vert oppretthaldne både for eldre og andre i bygda. Difor er prosjektet rekna å kunne involvere alle aldersgrupper i bygda, men først og fremst pensjonistane.
Det er fleire tiltak:
- Aktivitetskafe: Pensjonistar og barn/unge møtest 3 gonger i halvåret. Dei samtalar, spelar spel, dei eldre lærer dei unge t.d. å strikke, og dei lagar vaflar i lag.
- Bygdekveld: Pensjonistlaget inviterer bygdefolket til samkome med underhaldning, musikk, servering og dans.
- Juletrefest: «Gammaldags» juletrefest med underhaldning, song/musikk, bevertning, juletregange og julenisse.
- Seniorkor: Samling ein time i veka der ein syng gamle slagarar og enkle to- og trestemte songar.
- Teatertur for pensjonistar: Tur til aktuell teaterframsyning ved Teater Vestland med sosialt samvær og mat.
- Bærbar teleslynge: Skaffe bærbar teleslyng for å motverke isolasjon for høyrselshemma.
Aktivitetane vert spreidde over heile året, nokre faste medan andre vert lagt der det passar best.