Askvoll pensjonistlag

Søknadssammendrag

Bakgrunn:
Store endringar i samfunnet pga korona og krav til smittevern har gjort sårbare eldre meir isolerte enn før. Tilbod som tidlegare var ein del av kvardagen, har blitt borte.

Målsetting:

  • Skape møteplassar for mindre grupper.
  • Medverke til å få fleire besøksvertar i kommunen.
  • Auke kompetanse og bruk av digitale verkemiddel.

Målgruppe/deltakarar:
Eldre over 65 år som er heimebuande, bur i omsorgsbustad eller i institusjon.

I samarbeid med helsetenesta, Nærmiljøsentralen og Røde Kors ønskjer vi å nå ut til sårbare og einsame personar i kommunen.

Metode:
Prosjektgruppa har fått tilgang til universelt tilrettelagde sentrumsnære lokale i kommunen, som kan nyttast til møteplass. Aktuelle tiltak er kurs for besøksvertar og dataopplæring 1 til 1 og 1 – 2. «Opa dør» til faste tidspunkt vil gjere det mogleg å komme innom med spørsmål innan digitale verktøy og for å treffast. Kaffestund til avtalte tider kan også vere aktuelt, samt foredrag og annan informasjon.

Prosjektgruppa består av representantar frå ulike organisasjonar og kommunen.

Eit samarbeid mellom desse vil vere vesentleg når det gjeld gjennomføring av tiltak. Nærmiljøsentralen er i ferd med å arrangere datakurs i samarbeid med Seniornet. Dette vil kunne rekruttere ressurspersonar og hjelparar når det gjeld rettleiingsarbeid innanfor velferdsteknologi. Viktig å rekruttere ressurspersonar frå ulike delar av kommunen med tanke på seinare desentraliserte tilbod.

Tidsplan:
15.06.21 – 15.06.22
Prosjektet vil vere inndelt i bolkar med jamnleg evaluering.
Hovudrapport etter avslutta prosjektperiode.

Forventa resultat:
Eit opplegg med møteplassar og aktivitet som kan fungere utover prosjektperioden.

Auke i tal på besøksvertar for sosial kontakt og samtale.
Permanente løysingar med digitale kurs.

Auka kunnskap og ferdigheit innan bruk av digitale verkemiddel, herunder mestring av nettbank, digipost, utfylling av søknadsskjema m.m.

Prosjektleder

Solveig Sølberg

Detaljer
Program
Frivillighetens progam for besøk og aktivitet for sårbare eldre
Prosjektnavn
Askvoll pensjonistlag
Organisasjon
Pensjonistforeningen
Beløp Bevilget
Kr 250.000
Startdato
29.04.2021