Bikuba

I samarbeid med

Sluttrapport

Sluttrapportsammendrag

Hausten 2004 vart det vedteke i styret for LHL-Radøy, at vi ville prøva oss på prosjektarbeid

Hausten 2004 vart det vedteke i styret for LHL-Radøy, at vi ville prøva oss på prosjektarbeid. Me hadde mange idear om dette, og sjølvsagt delte meiningar. Prosjektet me enda opp med var retta mot rehabilitering og førebyggjande arbeid. Eit arbeid som LHL sin organisasjon har prioritert i mange år.

 

Gleda var stor då me hausten 2005 fekk tildelt midler til prosjektet vårtfrå Helse og Rehabilitering. Me hadde gjort ein del sonderingar i forhold til eventuelle samarbeidspartar, og med stor iver og optimisme starta me prosjektet 01.01.2006 .

 

Målet var eit aktivitetssenter/møteplass der førebygging og rehabilitering var viktige nøkkelord. I tillegg vekta me sterkt den sosiale og mellommenneskelege sida av saka. Me ville skape tilbod der me saman kunne gje kvarandre kveik og ein betre kvardag. Gjenom eit utbreitt samarbeid ville me visa at felles løft kan gje gode resultat, også i mindre kommunar.

 

Saman med Lions og Frivilligsentralen gjennomførte me prosjektet frå 2006 til 2007. I tillegg har me møtt velvilje frå kommunen, lag og organisasjoner i Radøy. Me har og motteke positive bidrag frå kulturpersonar, musikkrefter og andre. Gamle Doktargarden på Manger har vore basen vår, her går lungetrimmen og strikkekafeen fast kvar veke. Også stavgangsgruppa starter herfrå. Elles har me flytta ein del av tilboda rundt i kommunen. Dette fordi enkelte av tiltaka trong større plass, og for å nå i fleire folk.

 

Etter kvart har me hausta god erfaring, utveksla tanker og ideer og funne greie løysingar. Ved deltaking på kurs/opplæring, føler me at prosjekarbeidet har tilført oss kunnskap som kan nyttast vidare. Vårt ynskje om samarbeid på tvers er bekrefta. Responsen frå ibuarane i kommunen har vore stor, dei forskjellige tiltaka har skapt inntresse. Prosjektgruppa ser difor eit potensiale for vidare utvikling.

Prosjektleder/forsker

Berit Kvalvik

Detaljer
Program
Rehabilitering (2005)
Prosjektnavn
Bikuba
Organisasjon
Landsforeningen for hjerte- og lungesyke
Beløp Bevilget
2006: kr 300 000
Startdato
10.01.2006
Sluttdato
31.12.2007
Status
Avsluttet