Eldrekafe

I samarbeid med

Søknadssammendrag

1. Bakgrunn for prosjektet:
Vi har registrert at det er mange heimebuande eldre i Gaupne som har behov for å koma ut og bli stimulert på ymse vis.
Gaupne er ein bygd

som har eit stort areal, der og

eindel eldre bur i grisgrendte daler som Leirdalen, Vigdalen og

Engjadalen.
Nokre av de eldre har tidlegare hatt

ektefeller, vener eller kjende som av ymse grunner er blitt burte.Mange av desse personane

lever tildels isolert og har behov for sosial stimulering.
Styret for Gaupne Helselag har på styremøte drøfta dette og ønskjer å starta ein eldrekafe der ein møtast ein gong i månaden.
Prosjektets målsetting:
Målsettinga er at dei heimebuande eldre skal få eit fysisk og psykisk stimuleringstilbod. Styret i Gaupne Helselag tenkjer seg at denne gruppen kan få ein høgare livskvalitet. Dette å ha noko å gle seg til, pynta seg, ha forventningar er minst like viktig for eldre som for unge.Kontakt med «bygda» vil og vera ein viktig målsetting.Alt dette kan føra til meir livsglede og kanskje kan nokon bu lengre i heimen istaden for ein trygdebustad eller sjukeheim.
Prosjektets målgruppe:
Det er dei heimebuande eldre vi vil gje eit tilbod. 1. Eldre med sviktande helse. 2. Eldre som skjeldan deltek i sosiale tilbod i bygda. 3. Eldre med begynnende Alzheimar. 4.Eldre med psykiske handicap som er avhengig av skyss.5 Tilbakeflytta eldre som treng fornying av kontakten med bygdefolket.(Mange her i bygda flytter tilbake etter arbeidsår på industristeder som Årdal, Høyanger, Drammensområdet o.l.)
Prosjektets betydning.
Ved å tilby skyss, servera eit sunt måltid, ha ein trimøkt ,

god stemning, allsong

og

muntre historier og temainnlegg. Tema

kan

vera :
f.eks. at

bygdas ergoterapeut informerar om fallførebygging, fysiske

og bygningsmessige hjelpemiddlar ein kan få stønad til . Helsesøster kan informera om ulike tema som søvn, medikament, kosthald og liknande.Vi tenkjer

at samla

kan dette

medføra ein auka livsglede og livskvalitet. Kanskje kan nokre

bu lengre heime når dei har dette tilbodet. Kanskje vil dei og føla seg friskare og gladere.
.Kafegjestane kan og sjølsagt koma med ønskje for tema.
Framdriftspla.
Vi vil starte med kafe ein gong i månaden i eit år på

Gaupne

hotel. Dette lokalet egner seg særs godt og for tida

har me ikkje tilgjenge til andre lokaler.
.Hotellet ligg sentralt til, er ein eldre bygning men

nyopna,
Dersom

eldrekafeen vert

vellukka vil me vurdera ein auke

av anntall dager etter eit års prøving.Prosjektet vil verta evaluert .

med vennleg helsing
Gunvor Nærø (prosjektansvarleg)







Prosjektleder/forsker

Gunvor Nærø

Detaljer
Program
Forebygging (2009)
Prosjektnavn
Eldrekafe
Organisasjon
Nasjonalforeningen for folkehelsen
Beløp Bevilget
2010: kr 62 000
Startdato
01.01.2010
Sluttdato
31.12.2010
Status
Avsluttet