«Elvelangs i Ål» for alle(univ.utforma)
Søknadssammendrag
Bakgrunn for prosjektet
https://youtu.be/Bdm4z5C39C0 syner omfanget av prosjektet. Vidareutvikling av Ål Idrettspark og målsettingane i kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i Ål kommune er bakgrunn. Eit stort allmennyttig prosjekt midt i Ål Sentrum initiert og organisert av Ål Idrettslag. Prosjektet vil ha stor nytteverdi for alle i Ål, besøkjande og turistar, barn/ungdom, vaksne, funksj.hemma, pasientar ved sjukestugu og bebuar ved Ål Helsetun. Synergiar ved eit samarbeid mellom idrettslag, frivilligheita, næringsliv, Ål kommune/Buskerud Fylke. Mykje organisert som eit dugnadsprosjekt.
Målsetting for prosjektet
Gi grupper som ikkje er aktive, tilgang til aktivitet som aukar livskvalitet og styrkar førebyggjande arbeid gjennom fysisk aktivitet. Spesielt fokus gjennom samarb. m org.for funksj.hemma, innvandrarar, psykisk sjuke, trimgrupper, samla elevgrupper, uorg. ungdom (+ mål å auke medlemstalet i Ål IL).
Målgruppe
Alle i Ål med behov for sosial treffstad, universellt utforma. Spesielt tilbod for trimmarar, funksj.h., rehab. v. H. sjukestugu, psykiatri, døve, skular m.v.
Antall personer i målgruppen som prosjektet planlegger å nå
5000
Beskrivelse av tiltak/aktivitet samt gjennomføring av prosjektet
Etter ein prosjekteringperiode på eitt år og med godkjent reguleringsplan + byggesøknad er vedtak om oppstart av eit hovudprosjekt delt i 3 delprosjekt gjort av styringsgruppa i mars.-2019. Delprosjekt 1 vil starte bygging av den vanskelegaste delen inn mot Ål Idrettspark sommaren 2019. Delprosjekt 2 vil starte detaljprosjektering i juli/aug 2019 og ferdigstillast sommaren 2020, og det er denne delen Ål IL ber om støtte til frå Extrastiftelsen. Det er bygging av hovuddelen av turstig med tilhøyrande aktivitets og læringsarenar, der me vil tilrettelegge for brukarar med funksjonshemming både gjennom universelt utforma stig og tilrettelegging ved badeplass, fiskeplass, treningsarena, rasteplassar m.m. Samarbeidsprosj. må etablerast med brukarorg. for å sikre nytteverdi for f.hemma, rehab.,psyk., døve. Avtaler er gjort med grunneigarar, vegvesen, kommune, bedrifter, org. og bidragsytarar. Vedlikehaldsavtale er inngått mellom Ål IL og Ål kommune. Statusrapportar jamnleg til styringsgruppa og sluttevaluering vil skje for kvart delprosjekt. Rapportering vil òg bli gitt tilskotsgivarar.
Fremdriftsplan for prosjektet
Hovudprosjektet del 1: 1.1.2019 – 31.10.2019 Bygging fyrste del av turstig Delprosjekt 2 : 1.7.2019 – 31.12.2019 Detaljprosjektering + Planlegging i samarbeid med brukarorg. 1.1.2020 – 30.09.2020 Byggeperiode + innkjøp utstyr Delprosjekt 3 : 1.11.2020 – 1.10.2021 Sluttføring turstig og innkjøp + bygging av dei siste aktivitetsarenane inkl. oppfølging av bruk / skape aktivitet for spesielle grupper / friskliv m.v. Evaluering og rapportering.
Sluttrapport
Målsetting, målgruppe og bakgrunn for prosjektet
Gi grupper som ikkje er aktive, tilgang til aktivitetar som kan auke livskvaliteten og styrke det førebyggjande arbeidet gjennom fysisk aktivitet. Spesielt fokus på funksj.hemma, innvandrarar, psykisk sjuke, trimgrupper, samla elevgrupper, uorg. ungdom (+ mål å auke medlemstalet i Ål IL). Alle i Ål med behov for sosial treffstad, og som er universelt utforma. Spesielt tilbod for trimmarar, rehab. v. Hallingdal sjukestugu, psykiatri, skular m.v.
Beskriv i hvilken grad oppsatte effektmål ble nådd (ref søknadsskjemaet)
Alle utbyggingsplanar er gjennomført innafor tidsfristar, og alle møter med samarbeidspartar er gjort. Alle var positive og brukar-resultatane er fullt ut oppfylt ved at alle brukargruppene nyttar og har glede av prosjektet. Effektmål som er nådd: 1. Gitt innbyggere i Ål lett tilgang til natur, Hallingdalselva/Opsjø og friområde for å drive helsefremmende og trivselsskapende aktivitet 2. Gitt turistbedriftene i Ål mulighet til å tilby gjestene lett tilgjengelig aktivitetstilbud 3. Gitt Ål Helsetun/H. sjukestugu økt tilgang til fasiliteter for rehabilitering og behandling 4. Gitt folk med funksjonshemming, psykiske helse- problemer og innbyggere med innvandrerbakgrunn en arena for aktivitet og et sosialt treffsted 5. Gitt skoler og barnehage lett tilgang til natur, læringsarenaer m.m. 6. Har sikret trafikktrygge aktivitetstilbud
Antall personer i målgruppen nådd av prosjektet
5000
Prosjektgjennomføring/Metode
Etter godkjent prosj.plan og inngåtte kontrakter har prosj.leiar hatt ansvar for gj.føring i lag med prosj.gr. Prosjektet er gjennomført i nært samarbeid med Ål kommune, og med involvering av 8-10 andre org. som rådgivarar/brukarvurdering og i direkte arbeid med montering etc. Bygginga har i hovudsak skjedd via kontrakt med ein hovudentreprenør, men fleire bedrifter / org./friv. dugnadsfolk har deltatt i prosjektet. Totalt har ca 100 pers deltatt i dugnad og med ca 10 000 timar.
Resultater og resultatvurdering
100 % måloppnåing og særs vellykka prosj. 3,5 km turstig, badeplass, fiskeplass, trimpark, hinderløype, sosiale møteplassar, rasteplassar med gapahukar, kvilebenkar kvar 300 m er realisert heilt i tråd med pr.planen. Heile bygda applauderar og særs gode tilbakemeldingar frå samarbeidspartar som Helse/sosial, skule, LHL m.fl. Direkte dialog med brukarar / brukargrupper har ikkje gitt ei einaste negativ tilbakemelding. Eigen facebookside som infokanal og «reklame» for prosjektet. 1200 medl. der. Ikkje ei negativ tilbakemeld. I snitt ca 200 likarklikk og 10 kommentarar pr innlegg. Ingen negative, berre skryt. Elvelangs blir omtalt som Ål sin nye treffstad/møteplass.
Oppsummering og videre planer
Prosjektet er gjennomført heilt etter planen og innafor tidsfrister. Pr dato har me tankar om aktivitetsarrangem. for å auke bruken ytterlegare. Det vil bli vurdert å forlenge turstigen.