Søknadssammendrag
1. All helsemessig forsking viser ein nær samanheng mellom utvikling av sjukdom og fysisk inaktivitet. I seinare år har ein sett auka konsekvensar hos barn og unge av for lite fysisk aktivitet, noko som mellom anna har gitt seg utslag i form av auka vekt og større frekvens av diabetes. Fysisk aktivitet og uformelle sosiale møteplassar vert også sett på som viktig for å førebygge psykisk sjukdom. Bygstad helselag og våre samarbeidspartnarar ser det som viktig å legge til rette for tilgang til område der ein kan drive ein eller annan form for fysisk aktivitet og legge til rette for uformelle sosiale møteplassar i bygda vår Bygstad.
2-3 Målsetting
-Vegane skal gjerast tilgjengeleg for barn, ungdom, vaksne og eldre og at dei kan ta seg fram i vanlege tursko.
-Traseen skal vere tilgjengelege for rullestolbrukarar og barnevogn
-Opplysningstavler i endane av traseen, ei tavle ved ”opplrvingsplassen” ved elvekanten
-Viktig med kvilebenkar for eldre og funksjonshemma og for å lage uformelle sosiale møterom
-Tilrettelgging for fisking og grillplasser for å motivere til friluftsliv og utendørs matlaging
-Tiltaket kan auke den enkelte sin livskvalitet og bidra til trivsel for folk flest
-Prosjektet skal stimulere til den enkelte brukar sin innsats for å oppnå best mulig funksjons- og mestringsevne og deltaking på uformelle møteplasser
-Helselaget, grunneigarar og deira samarbeidspartnarar skal halde vedlike og drifte anlegget etter utbygginga
4. Prosjektet vil ha stor betydning for trivsel og vere forebyggende helsearbeid for folk flest
5.Framdriftsplan
Prosjektet er eit samarbeid mellom Bygstad helselag, Gaular idrettslag, grunneigarane, skule, barnehage, lokalbefolkninga, bebuarane i to byggefelt i nærleiken. Med unntak av innleigd maskinarbeid vert mesteparten av arbeidet gjort på dugnad. Lokalbefolkninga stiller seg svært positive og ønsker å stille opp med frivillig arbeid så snart prosjektet kan starte.
250 meter av stien treng berre lett opparbeiding med grussupplement. Dei resterande 700 meterane er tenkt opparbeidd med duk og grusdekke (1m3 grus dekker ei veglengd på 5 meter). Grus må innkjøpast og tilkøyrast medan duk til membran mellom underlag og grus vert gitt av ein av grunneigarane.
Sluttrapport
Sluttrapport/artikler (pdf)
Sluttrapportsammendrag
Bakgrunn og målsetting for prosjektet
Elvestien for folk flest er eit lågterskeltilbod sentralt i bygda Bygstad i Sogn og Fjordane og utløyser tilgang til eit naturområde som til no har vore lite tilgjengeleg. Elvestien ligg som ein hovudsti gjennom bygda og representerar ein heit ny bilfri trase mellom dei offentlege traffikerte vegane. Stien opner opp for nye opplevingar der målsettinga er: Auka aktivitet for folk flest!
Gjennomføring
Prosjektet har halde budsjettet omtrent på krona, dugnaden kjem i tillegg. Positive grunneigarar har stilt utstyr til disposisjon og all underlagsduk er gratis og leigd maskinhjelp har strekt seg langt med grus og steinarbeid. Teknisk er stien gruslagt og det er nytta ein del underlagsduk. Ein avstikkar heilt ned til elvekanten er spanande, men kan ikkje nyttast når elva er på det største. Slik er naturen. Det er kjøpt inn benkar, sett opp skilt og skilttavler. Når snøen no går, vil rullestol og barnevogn kunna ta seg fram ein stad dei aldri har kunna trilla før!
Oppnådde resultater
Med dette tiltaket har vi verkeleg fått til eit natur- og helsetilbod i friluft. Dette er ein flott måte å koma seg ut på også for dei som ikkje tek toppturane i bygda. Sittebenkar innbyr til å møtast! Gode skilt viser veg og eit våtmarksområde ved elva innbyr til fugleobservasjonar. Vil du vite meir står det litt på plakatar og skilttavler langs med stien. Ein “Folkesti” i regionen er vårt førebilete. Vidare planar: Bygstad helselag og samarbeidspartnarane i prosjektet, er svært glade og takksame for bidraget frå Extrastiftelsen. På denne måten er det mogleg for oss å bidra til helse og rehabilitering, gjennom å gjere vår natur meir tilgjengeleg, lage nye møteplassar UTE I NATUREN. Dette gjer bygda meir attraktiv for bebuarane, som får eit nytt tilbod, –og alle blir vi litt sprekare! Tusen takk!