Førebygging av seksuell trakassering

Søknadssammendrag

Populærvitenskapelig prosjektsammendrag

Seksuell- og kjønnsrelatert trakassering er eit omfattande problem i norske skular . Seksuell trakassering handlar om å utsette nokon for seksuell merksemd som er plagsam eller krenkande. Kjønnsrelatert trakassering handlar om åtferd eller utsegn som er retta mot nokon på grunn av deira kjønn, kjønnsuttrykk eller seksuelle orientering, og som har som formål å vere krenkande, skremmande eller nedverdigande. Både seksuell- og kjønnsrelatert trakassering kan innehalde åtferd som er fysisk, verbal, ikkje-verbal som bruk av kroppsspråk, og den kan involvere distribuering av tekst eller bilete via mobil eller sosiale media. Seksuell- og kjønnsrelaterte trakassering har ei negativ effekt på ungdommar si psykiske helse. Nokre barn og unge ser ut til å oppfatte seksuell trakassering som ein «normal» interaksjon mellom gutar og jenter, og normer ser ut til å spele ei sentral rolle i kjønnsrelatert trakassering. Det er difor rimeleg å anta at ei bevisstgjering av normene og det å utfordre normer kan vere med å førebyggje seksuell- og kjønnsrelaterte trakassering. Målet med denne studien er å teste effekten av ein intervensjon som har som formål å førebyggje seksuell- og kjønnsrelaterte trakassering i ungdomskulen. Intervensjonen er basert på ein normkritisk pedagogikk som går ut på å tileigne seg ei bevisstgjering av normene og kompetanse til å kunne utfordre normer som fører til utenforskap, eksludering og diskriminering. 32 barne- og ungdomsskular frå Olweusprogrammet vil delta i eit kluster randomisert kontrollstudie. På intervensjonsskulane vil elevane delta i fire til åtte leksjonar som hovudsakleg inneheld praktiske aktivitetar kring tematikken. Me vil teste korttids og langtidseffekten av intervensjonen ved å måle seksuell- og kjønnsrelatert trakassering, normer, psykisk helse mm i forkant av intervensjonen (T1), to månadar (T2) og åtte månadar (T3) etter intervensjonen. Dei longitudinelle data vil bli analysert med fleirnivåanalyser kor ein tek omsyn til at data er hierarkisk strukturert (elevar i klassar i skular). Det er forventa at intervensjonen skal føre til mindre seksuell- og kjønnsrelatert trakassering, betre psykisk helse, mindre aksept i forhold til seksuell og kjønnsrelatert trakassering og auka mangfald i klassenormer kring kjønn, kjønnsuttrykk og seksuell orientering.

Sluttrapport

Vitenskapelige publikasjoner og innsendte manuskript (siden oppstart)

Frontiers in Public Health
Scandinavian Journal of Public Health

Prosjektleder

Hilde Slåtten

Hovedveileder

Kyrre Breivik

Detaljer
Program
Forskning (2017)
Prosjektnavn
Førebygging av seksuell trakassering
Organisasjon
Rådet for psykisk helse
Org.ledd
NORCE Norwegian Research Centre AS, Uni Research Helse
Beløp Bevilget
2018: kr 855 000, 2019: kr 865 000, 2020: kr 895 000
Startdato
28.02.2018
Sluttdato
31.12.2024
Status
Under gjennomføring