Sluttrapport
Sluttrapportsammendrag
Det er eit nasjonalt mål at alle kommunar innan 2015 skal ha etablert tilbod til pårørande til personar med demenssjukdom (Demensplan 2015). Eit slikt tilbod kan vere organisering av pårørandeskular med undervisning og samtalegruppe. Føremålet med pårørandeskulen er at dei pårørande skal få kunnskapar om demenssjukdommen, og korleis dei på ein god måte kan takle kvardagen. Ein ynskjer òg at kunnskapar og erfaringar blir overført mellom pårørande og tilsette i pleie- og omsorgssektoren i kommunane.
Med prosjektmidlar frå Extrastiftelsen Helse og Rehabilitering har vi planlagt og starta opp ein pårørandeskule i Indre Sogn. Tilbodet er i dag lagt til Årdal kommune, som et ledd i et pågåande kvalitetsutviklingsprosjekt. Pårørandeskulen er så langt gjennomført i to omgangar, med i alt sju møter. Tilbodet har vore gratis i prosjektperioden. Undervisninga er utført av helsepersonell i kommunen og prosjektleiar.
Å få kunnskap om demens, og om den situasjonen du som pårørande står i, oppga deltakarane som ei av årsakene til at dei takka ja til å delta på pårørandeskulen. Funn frå evalueringa viser at kunnskapane dei pårørande har tileigna seg, har bidratt til at dei forstår meir og i større grad evnar å førebygge eller handtere utfordringar i kvardagen. Kvardagen er for mange pårørande travel, fylt med eit utal praktiske og verdimessige dilemma. Dei er ei stor gruppe som treng opplæring og informasjon om korleis dei kan vere omsorgspersonar til personar med demens, samt hjelp til å bearbeide vanskelege kjensler. Vi har sett at samtidig som det er eit viktig tilbod til dei pårørande, bør det òg etablerast eit tilbod om avlastar heime, for dei som trenger det. Vi har eit ynskje om å starte opp med pårørandeskular i omliggande kommunar. Eit samarbeid interkommunalt er også nødvendig i små kommunar, og ei vidareføring av våre erfaringar er ein viktig del av prosjektet. Det er behov for meir tid og ressursar for opplæring av frivillige frå helselag og demensforeiningar, for å etablere gode strukturar for pårørandesamarbeid i pleie- og omsorgsektoren.
I tillegg til oppstart av pårørandeskule var det òg eit mål å auke kompetansen hos personell i pleie- og omsorgssektoren i kommune. 21 tilsette er i avslutningen med Demensomsorgens ABC, som er eit studietilbod i regi av Kompetansesentret for aldring og helse.