Friluftsliv for alle – tilgjengelege turar

Søknadssammendrag

Prosjektet innebærer å utarbeide ti digitale turpostar, som vil plasserast langs flotte turvegar i Bergen. Hovudfokuset når turvegar skal velgast er at dei skal vere tilgjengeleg for brukarar av rullestol. Då vil turane også vere tilgjengelege for til dømes dei som trillar barnevogn, brukar sykkel, dei som trener seg opp etter sjukdom eller skade, dei med litt dårleg balanse og koordinasjon og andre som likar å benytte seg av grusvegar til tur og trening. Alle er velkommen til å delta på dette.

Året 2020 har vore eit år med mykje avlysningar av organisert aktivitet. Dette er ein av hovudgrunnane til at vi ønskjer å lage eit konsept som legg til rette for å motivere personar til eigenorganisert aktivitet. Aktivitet som kan gjennomførast aleine, eller saman med vener og familie.

Vi vil benytte oss av DNT (Den Norske Turistforening) sin app for digital innsjekking på turane, Ut.no/DNT SjekkUT. Ein viktig del av jobben er å beskrive godt korleis ein turveg er, slik at deltakarar sjølv kan vurdere om turen er tilgjengeleg for dei.

Tiltaket vil starte i januar, med rekruttering av frivillige, opplæring og arbeid med å kartlegge egna turmål. Tiltaket vil etter planen vere klart i slutten av mars, slik at deltakarar i etterkant av det kan få motivasjon og kome seg ut på tur og få flotte naturopplevingar resten av året.

Målet med tiltaket er at personar med funksjonshemmingar og andre skal få god informasjon om turmoglegheiter, og inspirasjon til å kome seg ut på tur. Målet er også at dette tiltaket skal opplevast som eit inkluderande friluftstilbod for alle som deltar. Vi håpar og trur at tilbodet vil skape positive ringverknadar for deltakarane, fysisk og mentalt.

Prosjektleder

Sigrid Kvåle Myksvoll

Detaljer
Program
Stimuleringsprogram for helsefrivilligheten
Prosjektnavn
Friluftsliv for alle – tilgjengelege turar
Organisasjon
Den Norske Turistforening
Beløp Bevilget
Kr 150.000
Startdato
15.12.2020