Fysisk aktivitet i Høyanger
Søknadssammendrag
Koronapandemien fører til at mange eldre blir mindre aktive både fordi dei er engstlege og fordi det er færre som motiverer og hjelper dei til å kome seg ut og vere aktive.
Prosjektet tek sikte på å aktivisere eldre til å ta vare på fysisk helse for å fungere betre i det daglege Det kan også vere med på at dei kan bu lenger heime. Det kan vere ein start for sjølve å ta vare på helsa og halde fram etter at prosjektet er over.
Deltakarane blir medlemer i Høyanger treningssenter. Der får dei trene med treningsapparat, delta i salaktivitetar og bassengtimar i Høyangerbadet. Dei vil også ha tilgang på personleg trenar viss dei ynskjer det. Saltimar kan også gjennomførast i gymsalen ved Vadheim skule.
Prosjektet vil gå gjennom heile 2021 med faste samlingar kvar veke.
Målgruppa er medlemene i Vadheim pensjonistlag. Det er eit mål at fleire av deltakarane held fram med fysisk aktivitet etter at prosjektet er ferdig.