Gamle skulen

I samarbeid med

Sluttrapport

Sluttrapportsammendrag

Storestandal er ei lita bygd med underkant av 30 fastboande

Storestandal er ei lita bygd med underkant av 30 fastboande. Sidan skulen vart nedlagt i 1999, har huset vore ein samlingsplass i bygda. 17-mai feiring, julefest, kafé, bordtennis med mer for trivsel og samhald. Alle aktivitetar, vedlikehald med mer er basert på dugnad. Huset har vore nedslete og tida moden for skifte sv bordkledning med mer, og gjennomgang av det elektriske anlegg. Storestandal Helselag/Grendelag er takknemlege for midlane vi har fått for å gjennomføre planane.

 

Målsettinga med prosjektet har vore å ha gjort ei oppgradering av gamleskulen, så bygdefolket kan fortsette med dei aktivitetar vi har på huset. Prosjektet har gått fint å gjennomføre, bygdefolke har stilt opp på dugnader og det er kjekt å sjå det ferdige resultat.

 

Våren 2004 vart det innhenta tilbud på matrial med mer og sommaren brukte vi til å rive bordkledning, spikre på ny og rydde området rundt huset. På grunn av dårleg vær fekk vi ikkje male huset før sommar 2005. Då fekk vi også elektrikar til å gå igjennom det elektriske anlegg, og utbetre det som måtte til.

 

Hausten 2005 kunne vi slå fast at prosjektet gamleskulen var gjennomført og vellykka. Som stor takk til dugnadsgjengen samla vi bygda ein søndag der vi hadde rømmegrøt, spekemat og sosialt samvær. Vi håper at ved å halde huset vedlike og våre aktivitetar på huset, bidrar til at ei lita bygd som Storestandal blir ein god plass å bu.

Prosjektleder/forsker

Svein Stavset

Detaljer
Program
Forebygging (2003)
Prosjektnavn
Gamle skulen
Organisasjon
Nasjonalforeningen for folkehelsen
Beløp Bevilget
2004: kr 22 000
Startdato
01.01.2004
Sluttdato
31.12.2005
Status
Avsluttet