Sluttrapport
Sluttrapportsammendrag
Ved enden av eit fjellvatn omkransa av fjelltoppar skal Gjersetdalen Villmarksområde vekse fram. Frå gammalt av var denne staden stemneplass for bygdene omkring der det vart haldne losjestemne. No ynskjer Grytestranda skule, Grytestranda bygdelag, Brattvåg Røde Kors og Rådet for funksjonshemming å utvikle dette området slik at det igjen kan verte ein møteplass for nye generasjonar, unge og gamle, funksjonsfriske og funksjonshemma. Vi ynskjer å skape ein arena der:
– barn og unge får oppleve glede og trivsel i møte med naturen, delta og få opplæring i forskjellige praktiske arbeidsoppgåver
– dei som ikkje finn seg til rette i tradisjonelle organiserte aktivitetar opplever meistring
– generasjonar kan møtast og lære av kvarandre.
Vi har planar om å setje opp ein del faste installasjonar som t.d. grindnaust, gamme, amfi, klubbhus utforma som ein gildehall, steinalderbustad, grillplass og badestamp. Når det gjeld aktivitetar så skal vi lage klatre- og rappelleringsruter, klatrejungel, turstiar m/infotavler og orienteringsløyper. Området innbyr til allsidig friluftsliv i skogen, på fjellet og ikkje minst på vatnet. I framdriftsplanen vår hadde vi sett opp byggesteg 1 til å vere ferdig i 2011. Vi er ikkje heilt i mål, men tatt i betraktning av at mykje av arbeidet er gjort på dugnad, er vi godt nøgde med det vi har fått til, særleg at vi har fått til naustet og klubbhuset. I tillegg er klatrejungelen og klatre/rappeleringsområdet i bruk, og eit delvis opparbeid bål/aktivitetsområde. Sjølv om prosjektet framleis er under bygging er det kjekt å sjå at det skaper interesse for friluftsliv og glede gjennom dei aktivitetane vi så langt har klart å få til. Den positive interessa som er vist i lokalsamfunnet gjennom dugnadsarbeidet er også ei god erfaring å ta med seg vidare. Vi er innstilte på å ta ein pause med bygging før vi startar opp med byggesteg 2. Vi har da som mål å utarbeide bruksreglar og skape eit innhald som gjer at vi kan nå så mange brukarar som mogleg.
Så med mange gode tilbakemeldingar og bygdefolk som ivrar etter å ta eit tak for prosjektet, ser vi for oss eit prosjekt som vil vere liv laga i mange år framover.