Inkludering gjennom økt mobilitet

Søknadssammendrag

Nissedal helselag har fått midlar av Stiftinga Dam til å kjøpe inn 2 stk. VIAMOBIL V25 inkl. batt og lader, samt naudsynt ekstrautstyr. VIAMOBIL V25 er elektrisk motor med hjul, som ein monterer på ein manuell rullestol. Rullestolane skal vere stasjonert på Nissedal omsorgssenter (NOS).

Eldregruppa i Nissedal helselag jobbar m.a. med at pasientane på NOS skal oppleve ein betre kvardag, og dermed få betre livskvalitet utan einsemd. Pasientane er ikkje fysisk i stand til å gå så langt sjølve, mange har ikkje lenger evne til å gå, og NOS ligg ca. 1-1,5 km frå Treungen sentrum (Tveitsund). Det er fleire bakkar som gjer det utfordrande å trille bebuarar både til sentrum og andre stader i området. Eldregruppa vil ta med bebuarar m.a. ned i sentrum, slik at dei får oppleve sentrumslivet att med både litt handel og kaféliv. Sentrumsnært er det også ei fin brygge ved innsjøen Nisser der helselaget vil ha aktivitet.

Prosjektet vil ha ein varighet på 1 år, der tida fram til sommaren vil bestå av innkjøp og opplæring. Motorane vil bli brukt hyppig gjennom sommarhalvåret så langt det går utover hausten. Helselaget kjem ein fast dag i veka og triller pasientar som treng og ynskjer det ut på tur. I tillegg vil pårørande, pleierar og folk frå Friviljugsentralen også bidra. Mange har lite besøk inne på omsorgssenteret no. Det er også mange pårørande som bur i nærmiljøet, på denne måten kan dei lettare ta med brukerane heim til seg.

Prosjektleiar er sjukepleier på Nissedal omsorgssenter, som har god kunnskap om behova til kvar einskild pasient. Alle i prosjektgruppa er vande med å jobbe med eldre. Forventa resultat av tiltaket er at bebuarane på Nissedal omsorgssenter opplever minst mogleg grad av passivitet og einsemd, og får moglegheiten til å leve heile livet.

Prosjektleder/forsker

Ellen Irene Grimstvedt

Detaljer
Program
Frivillighetens program for besøk og aktivitet for sårbare eldre
Prosjektnavn
Inkludering gjennom økt mobilitet
Organisasjon
Nasjonalforeningen for folkehelsen
Beløp Bevilget
Kr 80.000
Startdato
06.04.2021