Kafe TID

Søknadssammendrag

Bakgrunn

Behovet for ein arbeidstreningarena/språkpraksisplass og behovet for ein uformell sosial møteplass, har bidratt til eit pilotprosjekt med kafedrift som arbeidstreningsarena to dagar i veka fra 26.august – 31.des-17 i Ål kommune. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom KIA Ål (Kristent interkulturelt arbeid) /kyrkja og kommunen – innvandrartenesta, frivilligsentral, NAV, psykisk helse og kultursektoren. Målet i 2018 er å kunne prøve ut ideen i større målestokk, utvide konsept og opningstid. Kafeen er eit ledd i målet om å skape fleire “rause arbeidsplassar”.

Målsetting

Tilby relevant arbeidstrening og språkpraksis. Bidra til miljø – og nettverksbygging på tvers av sosiale og kulturelle skiljeliner. Vere nettsverkbygger mellom arbeidsliv og folk i praksis. Skape tettare samarbeid mellom kommune, næringsliv og frivillig sektor.

Målgruppe

Innvandrarar, personar utanfor arbeidslivet / NAV. Gjester i kafeen: Eit mangfald av befolkningen; unge, gamle, innfløttarar, turistar.

Antall personer i målgruppen

2000

Beskrivelse av gjennomføring

“Rausa arbeidsplassar” handlar om å fremme medborgarskap i samfunnet: Anerkjenne alle medborgarar i samfunnet som likeverdige deltakarar. Mange lever sine liv på sida av samfunnet – dette får konsekvensar for den enkeltes helse, livssituasjon og for samfunnet som heilskap. Verdiar som fremmer aktivt medborgerskap og samhandling er nødvendig for eit fungerande velferdssamfunn. Relasjonsbyggjande arbeid blir ein viktig del av innhaldet. Diakonen og ein person frå psykisk helse skal bidra ein del i miljøarbeidet på kafeen. NAV og innvandrartenesta bidra til kvalitetssikring ved å skrive kontraktar og lage avtaler med sine brukarar og vere med på samarbeidsteamet rundt kafeen. Kafedrift saman med bruktmarknaden ( i etasjen over) vil vere ein gunstig kontekst for arbeidstrening /praksisplass med variasjon i arbeidsoppgåver i eit miljø som bidrar til relasjonsbygging og tilhøyrigheit i ein større samanheng med etablering av relasjonar på tvers av alder, kulturell bakgrunn og livssituasjon. Kafeen Målgruppa skal få rom til å ta i bruk og utvikle eigne ressursar, kvalifikasjonar, evner, eigenskapar og interesser innanfor ei trygg ramme der ein blir ivaretatt i forhold til sårbarheit og behov for oppfølging og opplæring.

Fremdriftsplan

1/1-18: Vidareføre pilotprosjektet og utvide konseptet. I løpet av første halvår 2018 er målet å ha laurdagsopent – der dei som er i praksis etter kvart kan få prøve seg i lønna arbeid. Arrangere konsertar og kulturmøter, kreative verksted. Opplæring av team som skal starte kafe på kulturhuset i løpet av 2018/19. Gradvis bli meir sjølvberga i 2019 gjennom inntekt, stønad til kulturtiltak, støtte frå næringsliv og det offentlig.

Sluttrapport

Sluttrapport/artikler (pdf)

Sluttrapport DAM.docx.pdf

Prosjektleder/forsker

Hilde Kirkebøen

Detaljer
Program
Helse høst (2017)
Prosjektnavn
Kafe TID
Organisasjon
Kristent Interkulturelt Arbeid
Beløp Bevilget
2018: kr 640 000, 2019: kr 320 000
Startdato
02.01.2018
Sluttdato
01.01.2020
Status
Under gjennomføring