Korona kafé på Tiaren

Søknadssammendrag

Bakgrunnen for å søkja midlar til Kafè Tiaren, er at denne faste sosiale møteplassen i bygda vår vart «koronastengt» 12.mars 2020. Dette er ein vekentleg dugnadskafè som hor vorte driven av brukarane sjølve. Kafèen er eit prosjekt ein ikkje tjenar pengar på, men som har stor sosial gevinst for brukarane.

Tiaren har vore i drift kvar tirsdag utan opphald frå 2007,så den er godt innarbeid.

Målgruppa her er eldre og einslege som treng ein sosial møteplass.

Målsettinga vår er å fortsetja/komma oss gjennom denne litt vansklege tida, medan me ventar på at kvardagane skal verta «nokolunde normale» att.

Med dette prosjektet vonar me at me kan hjelpa mange einslege og einsame til å takle isolasjonen dei føler pga korona. Då me var heldige å få midlar så raskt på plass, fekk me halda ope i dag 13.10.20.

Midlane skal nyttast til ekstra reinhald, desinfeksjon og innkjøp av ferdig påsmurt og koronavennleg-innpakka mat. Prosjektleiar vert ansvarleg for å organisera ei arbeidsliste, og ha tilsyn med at smittevernreglar vert halde.

Dagen startar først med ein felles trimtur, deretter vert det samling i lokalet til Uskedal Utvikling. Her vert det lett servering., drøs og allsang og andre aktivitetar innimellom.

Kapasiteten no med koronareglar vert 25 pers kvar veke. I dag var det allerede 20 pers + 2 personal på plass.

Tidsplanen er å halda ope kvar tirsdag frå og med d.d. til og med 29.juni 2021 Dette vert 38 veker og med 25 pers, skulle det verta totalt 950 deltakarar å gleda.

Forventa resultat er å oppretthalda ein sosial arena, slik at eldre, einslege og einsame i risikogruppa for covid-19 kan føla seg trygge og leva litt normalt no når det går møt mørkare tider.

Prosjektleder

Eli Roseth Eik

Detaljer
Program
Frivillighetens program for besøk og aktivitet for sårbare eldre
Prosjektnavn
Korona kafé på Tiaren
Organisasjon
Nasjonalforeningen for folkehelsen
Beløp Bevilget
Kr 60.800
Startdato
03.10.2020