Sluttrapport
Sluttrapportsammendrag
Bakgrunn og målsetjing: Talet på krefttilfelle har auka, men også talet på personar som blir frisk av eller lever lenge med kreft. Kosthaldsfaktorar kan vera med på å førebyggja kreft, men vi veit lite om korleis dei påverkar overlevinga av kreft. Likevel blir det hevda at mange endrar kosten sin på grunn av sjukdomen. Vi ønska å undersøkja om det var samanhengar mellom kreftdiagnose og kosthaldsendringar. I tillegg ville vi sjå på bruken av kosttilskot i Noreg og andre europeiske land. Til slutt såg vi på bruk av tran og andre kosttilskot før diagnose, og korleis det påverka overlevinga av enkelte kreftformer.
Gjennomføring/metode: Kvinner og kreft-studien (KK) har samla inn spørjeskjema frå meir enn 170 000 norske kvinner, mange av dei har svara på fleire skjema. Vi brukte kosthaldsdata frå utval av studien og kom ved ulike statistiske analysar fram til resultata. Det same gjorde vi med informasjon frå kosthaldsintervju som har blitt utført i European Prospective Investigation into Cancer and Nutrition (EPIC), der nokre av deltakarane i KK også er med, i tillegg til kvinner og menn frå ni andre land.
Resultat: Kosthaldsendringane blant kvinner med bryst- og tarmkreft gjekk i same retning som endringane blant kreftfrie kvinner, men var litt større. Det var først og fremst for frukt, grønsaker, mjølk og kaffi det var skilnad i endringane. Dei som fekk brystkreft auka inntaket av frukt og grønt meir enn kreftfrie kvinner, og dei som fekk tarmkreft kutta ikkje ned på mjølkeforbruket slik friske kvinner gjorde. Kvinner som fekk brystkreft reduserte kaffiforbruket meir enn kreftfrie kvinner.
Bruken av kosttilskot synte ein sterk nord-sør gradient i Europa, med nesten ti gonger så mange brukarar blant danske kvinner som blant greske kvinner. 61% av norske kvinner brukte kosttilskot, nesten like mange som i Danmark.
Lungekreftpasientar som tok tran eller andre kosttilskot dagleg før dei fekk diagnosen hadde betre overleving enn dei som ikkje gjorde det, men meir forsking trengst for å finna ut om dette var ein effekt av tran/kosttilskot, eller ein effekt av andre faktorar som ein ikkje fekk teke omsyn til i analysane.
Vitskapleg verdi og vegen vidare: Dette er første gongen ein har jamført kosthaldsendringar blant kreftpasientar og kreftfrie personar i norsk samanheng. Kosthaldsendringane var stort sett positive for helsa. For nokre faktorar som er sett i samanheng med kreftutvikling (til dømes alkohol og kroppsvekt) var det ingen skilnad mellom gruppene i kor store endringar dei gjorde. Neste steget vil bli å sjå om endringane i kosthaldet har effekt på overlevinga.
Avhandling har presentert den første større jamføringa av kosttilskotsbruk i Europa. Forskinga på kosttilskot har vore plaga av mange metodeproblem. Når det gjeld kosttilskot og kreft er det i tillegg sprikande resultat og ikkje grunnlag for å koma med tilrådingar enno.
Doktorgradsavhandling;
Skeie G (2009) Diet, dietary supplements and dietary change in cancer survivors and cancer-free persons – the Norwegian Women and Cancer study and the European Prospective Investigation into Cancer and Nutriton. Universitetet i Tromsø, Det medisinske fakultet, ISM skriftserie nr 105, ISBN 13: 978-82-90263-17-6.
Artiklar:
Skeie G, Hjartaker A & Lund E (2006) “Diet among breast cancer survivors and healthy women. The Norwegian Women and Cancer Study.” Eur J Clin Nutr, årg. 60, nr. 9, s. 1046-1054.
Skeie G, Hjartåker A, Braaten T & Lund E (2009) “Dietary change among breast and colorectal cancer survivors, and cancer-free women in the Norwegian Women and Cancer cohort study.” Cancer Causes Control, Jun 30, Epub før trykking.
Skeie G, Braaten T, Hjartåker A, Lentjes M, Amiano P, Jakszyn P, Pala V, Palanca A, Niekerk EM, Verhagen H, Avloniti K, Psaltopoulou T, Niravong M, Touvier M, Nimptsch K, Haubrock J, Walker L, Spencer EA, Roswall N, Olsen A, Wallström P, Nilsson S, Casagrande C, Deharveng G, Hellström V, Boutron-Ruault M-C, Tjønneland A, Joensen AM, Clavel-Chapelon F, Trichopoulou A, Martinez C, Rodríguez L, Frasca G, Sacerdote C, Peeters PHM, Linseisen J, Schienkiewitz A, Welch AA, Manjer J, Ferrari P, Riboli E, Bingham S, Engeset D, Lund E & Slimani N (2009) “Use of dietary supplements in the European Prospective Investigation into Cancer and Nutrition (EPIC) calibration study.” Eur J Clin Nutr, årg. 63, nr. 4S, s. 226-238.
Skeie G, Braaten T, Hjartåker A, Brustad M & Lund E (2009) “Cod liver oil, other
dietary supplements and survival among cancer patients with solid tumours.” Int J
Cancer, årg. 125, nr. 5, s. 1155-1160.