La det svinge – rytmen mellom oss

I samarbeid med

Søknadssammendrag

1 Bakgrunn for prosjektet.

Forebygging av psykiske vanskar blant utsette barn og unge. Bakgrunn for prosjektsøknaden er samanhengen mellom psykisk helse og høve til å kunne uttrykke seg, ta i bruk kreative ressursar og ressursar generelt, styrking av sterke sider og det å kunne nytte for eigen helse sin del også ikkje- verbal samspelkompetanse.



Tilgjengeleg litteratur på området innan kreativ aktivitet som musikk, er pedagogiske metodikkbøker som foreslår rytmisk og melodisk tilrettelegging med ulike instrument.

Innhaldet fokuserer i liten grad på den mellommenneskelege prosessen gruppemedlemane imellom, oppbygging av samspelkompetanse i vid forstand og ikkje berre musisk, vidare utvikling av denne og opplevinga av meistring og fokus på ressursar for den enkelte.



Søknaden er utforma med bakgrunn i mine erfaringar frå prosjekt Forebygging 2004/3/0384 ?Musikkopplæring/sosial trening? Norsk Musikkråd/ Helse- og rehabilitering, erfaringar frå NFU, Sogn og Fjordane sitt arbeid i 20 år med musikkgrupper på kulturfestivalar for menneske med utviklingshemming, og erfaring med undervising av og kurs for høgskulestudentar, terapeutar og ufaglært barnehagepersonale.



2. Prosjektets målsetting.

Målet er å finne fram til ein metode som skal hjelpe barn og unge med utfordringar knytt til si oppleving av å ikkje strekke til, mindreverdskjensle, uro og konsentrasjonsvanskar og vanskar kring traumer og ulike belastningar. Ein metode som er tufta på fagfelta pedagogikk, psykologi og musikk.

Målet er å samle den kunnskapen som fins kring tema slik at det kan fungere til beste for målgruppa.

Samle kunnskapen frå fleire fagretningar i eit verktøy.

Vert målet nådd kan barn få nye handlemoglegheiter og ny arena for utvikling gjennom musisk samspel. Resultatet av arbeid med utvikling av metoden er utgjeving av metodebok til bruk for personar som arbeider med utsette barn og unge.

Utvikling av metode og metodebok for frivillige i organisasjonslivet, kulturskulepersonale, musikkpedagogar, pedagogar i skule og barnehage, terapeutar og andre. Systematisering av erfaringar frå arbeid med utsette barn og unge for tilgjengeleggjering for andre.

Boka er planlagt å vere på ca 60-80 sider, mest tekst men og illustrasjonar og noko bilder.

Den kan trykkast opp i 1500 eksemplar.

3. Prosjektets målgruppe.

Målgruppa er barn med utviklingshemming og barn som er utsette på andre måtar, som har samspelressursar men er utsette for ulik risiko og psykiske vanskar gjennom oppleving av lite meistring generelt, oppleving av redusert tilgang til fritidsaktivitetar, uutnytta potensiale til samspelkompetanse og stigmatisering. Indirekte er målgruppa også kulturarbeidarar, pedagogisk personale, behandlarar og samfunnet generelt, som vil ha nytte av at denne kunnskapen vert sett ord på og ikkje forblir taus kunnskap.

Ein kan sjå på opplevde vanskelege hendingar (kan vere mobbing, stigmatisering, kjensle av mindreverd over tid), ikkje berre som psykologisk forstyrring men og noko som forstyrrar kroppssignal (til dømes søvn), og forstyrrar ulike signal mellom nerveimpulsar i hjernen.

For å få bedring i funksjonsnivå, kunne bruke læringspotensiale og evne til samspel, må ein arbeide med dette, og ny forsking innan nevropsykologi viser at musikk og andre kreative aktivitetar, ikkje alltid det verbale språk, ser ut til å ha stor betydning for reparering av slike ?skader?.

4. Prosjektets betydning. Lukkast ein i målsettingane med prosjektet kan vi hjelpe ein del av dei 5% av barnefolkesetnaden nasjonalt som er utsette for psykiske vanskar av ulike grunnar. Metoden kan brukast av ulike profesjonar i arbeid med barn og unge innan helse-, kultur- og skule.

Dette kan verte ei metodebok for frivillige i organisasjonslivet, kulturskulepersonale, musikkpedagogar, pedagogar i skule og barnehage, terapeutar og andre, som systematiserer erfaringar frå arbeid med målgruppa og bruk av musikk for å oppnå målsetjingane

5. Framdriftsplan
Prosjektet er planlagt gjennomført i laupet av 2009 og 2010. Hovudaktivitet i prosjektet er utforming av metode som skal resultere i bok.

Metoden vil bli evaluert i byrjinga av 2010, og boka gitt ut i 2010.

Sluttrapport

Sluttrapport/artikler (pdf)

Sluttrapport_2008_1_0430.pdf

Sluttrapportsammendrag

Samandrag
Målet med prosjektet har vore å finne fram til og peike på metodar og erfaringar frå musikkterapifaget og fagfelta psykologi, pedagogikk og musikk, som kan hjelpe barn og unge med utfordringar knytt til si oppleving av å ikkje strekke til, mindreverdskjensle, uro og konsentrasjonsvanskar, og vanskar kring traumer og ulike belastningar. Målet har vore å peike på metodar innan musikksamspel som ulike fagpersonale og foreldre utan spesifikk musikkompetanse kan nytte i samspel med barn. Kunnskapen og metodane er meint å kunne brukast av ulike profesjonar i arbeid med barn og unge innan helse-, kultur- og skulesektor, og av foreldre. I tillegg har den overføringsverdi til arbeid med vaksne.

Prosjektet har resultert i boka «Rytmen mellom oss. Bruk av musikk i arbeid med barn og unge». Boka inneheld metodikk, teori knytt til omgrep som oppleving av glede og samspel, resiliensfaktorar som å styrke sterke sider og auke motstandskraft, kommunikasjon/ samhandling, uttrykksmoglegheiter og meistring, og har sterkt fokus på kva den vaksne må gjere for at barnet skal kjenne seg sett og opplevd.
Boka vil bli presentert og annonsert knytt til seminar, forelesingar og kurs om tema musikk og helse. Vidare vil prosjektleiar i samarbeid med NFU sjå på moglegheiter for vidare arrangering av kurs for NFU sine brukargrupper om tema.

Prosjektleder/forsker

Gunn Karoline Fugle

Detaljer
Program
Forebygging (2008)
Prosjektnavn
La det svinge – rytmen mellom oss
Organisasjon
Norsk Forbund for Utviklingshemmede
Org.ledd
Musikk og helse
Beløp Bevilget
2009: kr 345 000, 2010: kr 480 000
Startdato
01.04.2009
Sluttdato
31.12.2011
Status
Avsluttet