Middagsmøter utvidet program

Søknadssammendrag

«Middagsmøter utvidet program» er ei vidareføring prosjektet «Middagsmøter» som vi har fått tildelt midlar tidlegare har fått tildelt midlar til. På grunn av middagsmøta fekk større oppslutning enn venta, bestemte arbeidssgruppa for prosjektet at ein vil søke om å få midlar til eit utvida prosjekt.

I «Middagsmøter utvidet program» er midlane tildelt Seniornett Eid, men den praktiske gjennomføringa vil skje som eit samarbeidsprosjekt mellom Seniornett Eid og Eid pensjonistlag.

Seniornett Eid og Eid Pensjonistlag vil i samarbeid i løpet av hausten og vinteren arrangere fleire middagsmøte og datakafear/datastover.

Det første middagsmøtet vil bli allereie 7. oktober og planen er at vi før jul skal få til eit middagsmøte til. Felles for middagsmøta er at, i tillegg til god mat og den gode samtalen, blir det kulturelt innslag og litt orientering om data og kva tilbod vi har for dei som vil ha litt meir informasjon om data.

Det vil bli arrangert to datakafear (datastover) før jul der det vil bli tilrettelagt for 1 til 1 opplæring i databruk. Deltakarane tek med seg eiga datamaskin og får individuell hjelp med dei dataproblema ein har. Ut frå deltakarane sine behov kan det også bli arrangert kurs i aktuelle tema i mindre grupper. (Eksempel: Nettbrett, nettbank, epost, datatryggleik eller sikker surfing på nett)

For dei som har lyst å prøve seg på data, men enno ikkje har skaffa seg datautstyr, kan dei låne det av Seinornett Eid både til bruk på datakafeen og gjerne også for heimlån for litt eigenøving. Tema og møtedatoar vil bli fastlagt i samarbeid med deltakarane.

På datakafeen vil det også bli servert både og mat og kaffi.
Prosjektet er planlagt avslutta til påske 2022

Prosjektleder

Eiliv Berdal

Detaljer
Program
Frivillighetens program for besøk og aktivitet for sårbare eldre
Prosjektnavn
Middagsmøter utvidet program
Organisasjon
Seniornett
Beløp Bevilget
Kr 92.300
Startdato
25.08.2021