Moster Ungdomsseminar om psykisk helse

Søknadssammendrag

«Moster ungdomsseminar om psykisk helse» er eit samarbeidsprosjekt mellom Bømlo ungdomsråd og «Moster 2024 AS» om å utvikle og halde eit gratis ungdomsseminar på Bømlo Kulturhus, måndag 13. juni. Seminaret vil gå føre i skuletida for ungdomskulen, men også på kveldstid for vidaregåande elevar, samt foreldre.

Etter to år med nedstenging og pandemi, og no ny krig mellom Russland og Ukraina, ønskjer ungdommen at dette seminaret skal setje lys på kor viktig det er å prate om vår psykiske helse.

Seminaret vil innehalde ein introduksjon av ungdomsrådet før det blir foredrag frå ulike aktørar. Seminaret inneheld foredraget «Våg å vere» av Tale Marie Krohn Engvik, samt psykolog Benjamin Silseth sitt foredrag om mestring og grensesetting. Det vil også vere ein videopresentasjon om «Psykisk oppvekst» med Rådet for Psykisk Helse, og ein presentasjon av Redd Barna sin ungdomsorganisasjon Press.

Etter foredraga er det planlagt ein panelsamtale med dei ulike foredragshaldarane. Svein Olav Langåker, tidlegare redaktør for framtida.no, vil her hjelpe til som ordstyrar. Vi kjem også til å ha små kulturelle innspel frå lokale UKM-deltakarar (Ung Kultur Møtes), slik at ungdomen sjølv kan stå for underhaldning. Det tre timer lange seminaret skal bli heldt to gonger for totalt 600 menneske.

Målgruppa for seminaret er elevar i 9. og 10.klasse, i tillegg til elevar frå vidaregåande skule. Målet for seminaret er å løfte fokuset på psykisk helse i nærområdet, og gjere det lettare for ungdom å dele meiningar, diskutere og opne seg. Vi inviterer også foreldre til seminaret på kveldstid, fordi vi trur det er viktig at også foreldre er informerte om ungdommane sine psykiske tankar og utfordringar, spesielt i ei tid som dette. Vi håpar dette seminaret vil setje Bømlo på kartet som ein stad kor bra ting skjer, i tillegg til å skape tryggheit og nærleik i bygda for dei unge.

Prosjektleder

Elsa Aanensen

Detaljer
Program
Stimuleringsprogram for helsefrivilligheten
Prosjektnavn
Moster Ungdomsseminar om psykisk helse
Organisasjon
Rådet for psykisk helse
Beløp Bevilget
Kr 120.000
Startdato
08.04.2022